Problematisk gruveavfall

FEIL: Konsekvensutgreiinga og etterfølgjande sakshandsaming om drift i Engebø-fjellet har fleire vesentlege feil og alvorlege manglar når det gjeld støv til luft, spreiing av mineralpartiklar i sjøen og utslepp av tungmetall til fjorden, skriv artikkelforfattaren.

FEIL: Konsekvensutgreiinga og etterfølgjande sakshandsaming om drift i Engebø-fjellet har fleire vesentlege feil og alvorlege manglar når det gjeld støv til luft, spreiing av mineralpartiklar i sjøen og utslepp av tungmetall til fjorden, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKonsekvensutgreiinga og etterfølgjande sakshandsaming om drift i Engebø-fjellet har fleire vesentlege feil og alvorlege manglar når det gjeld støv til luft, spreiing av mineralpartiklar i sjøen og utslepp av tungmetall til fjorden. Fakta har delvis vorte bagatelliserte eller tagde om.

Mineralsamansetjinga i (rå)malmen er eit svært viktig utgangspunkt. Den avheng først og fremst av innhaldet av omfasitt og granat- og amfibol-mineralar. Desse finst i varierande mengder, med blant anna opp til 40 % amfibolar. Det finst ingen framlagde opplysingar om mineralsamanetjinga i malmprøvane som vart brukte fram til 2014 for å karakterisere utsleppet, endå det er avgjerande for t.d. kor snøgt partiklar søkk til botnen. Difor burde desse resultata i si tid vorte avviste, men diverre dannar dei framleis grunnlag for det eksisterande utsleppsløyvet.

Støvnedfall på land er vurdert av Norsk institutt for luftforsking i eit notat (Støv fra Engebøprosjektet). Ein såg berre på mengda støv (mineralpartiklar), og utan referanse til mineralane i fjellet, endå det blant amfibolane finst aktinolitt og tremolitt som begge kan førekomme i asbest-dannande variantar. Sidan det kan vere opp til 40 % amfibolar i malmen skulle spesielt risikoen for asbest ha vorte vurdert.

Utslepp til fjorden av avfall (avgang) vil medføre store mengder mineralpartiklar som svevar i vatnet og spreier seg. Spreiinga prøvde ein i 2014 å føreseie ved modellering basert på utslepp av 4,66 millionar tonn avfall per år, men den vart undervurdert bl.a. på grunn av ein 100 % feil i ein omrekningsfaktor som vart «antatt» av Det norske veritas GL.

Nye planar inneber utslepp av 1,215 millionar tonn avgangspartiklar, og ein må difor kunne vente mindre spreiing sjølv om usikkerheitene framleis er dei same. Den planlagde høgare utvinninga av granatar vil medføre ein høgare prosent avlange og lettare partiklar, noko som ventast å fremje spreiing. Usikkerheitene tilseier at ein testar avgang og modellerer spreiing på nytt.

Tungmetall er vurderte. Ein utlekingstest utførd av Norsk institutt for vannforskning (NIVA) frå 2007 – juni 2008 syner at det vil leke tungmetall frå eit deponi til vatnet i fjorden. Resultata vart offentleggjorde på ein noko spesiell måte. Det starta med to rapportar i november; ein første med kun ein kort konklusjon om god mattryggleik, og ein andre med presentasjon av utvalde resultat. Blant desse var ikkje kadmium, som kanskje er det viktigaste metallet.

Så, i ein rapport frå desember, publiserte NIVA ei samanlikning som skal syne at det vert mindre mengder tungmetall i avfallet som går i fjorden enn det som finst i malmen nytta til rutilutvinning. Det skal visstnok skje ved at tungmetall i stor grad følgjer med rutilproduktet ved utvinninga. Dette er for godt(?) til å vere sant, og all tilgjengeleg kunnskap eg har sjekka tilseier at dette er feil. Dessutan hevdar Nordic Mining at rutil er så rein at den kan brukast i mat. Så då kan den vel ikkje innehalde tungmetall? Heile dette opplegget ber preg av kreativ bokføring, og alt NIVA her hevdar om malmen er enten feil eller udokumentert.

Ein kan også enkelt spørje om det er rimeleg at utvinning av ei lita mengde rutil vil ta med seg mesteparten av tungmetall i malmen. NIVA meiner tydelegvis at svaret er ja, for ved publiseringa av resultata frå testen (rapport i mai 2009) kom ein med fleire tydelege forsikringar om det, bl.a. denne: «Ved uttak av rutil vil mesteparten av nikkelinnholdet i råmalmen tas ut». Klar tale!

Påstandane i desember-rapporten og derav følgjande forsikringar i mai-rapporten har samla truleg førd til færre kritiske spørsmål til dei konkrete resultata då dei vart lagde fram i sistnemnde.

Spesielt har NIVA dyssa ned utlekinga av kadmium, klart i strid med eigne synspunkt i ein november-rapport: «Oppdrettere og fiskere utrykker en bekymring for risiko for akkumulering av tungmetaller i fiskekjøttet. Dette bør håndteres via særskilt informasjon».

Ut frå NIVA sine resultat har eg komme til at det årleg vil leke om lag 11 kg kadmium til vatnet i fjorden. Dette er eit ubehageleg høgt tal sidan dette er svært giftig og klassifisert som ei prioritert alvorleg miljøgift med mål om null utslepp innan 2020. Til samanlikning har Nyrstar Høyanger i 2014 fått løyve til årleg utslepp av 1,5 kg.

Miljødirektoratet (MDIR) godtok NIVA sine forsikringar og påståtte reduksjonar frå malm til avfall, og regelrett bortforklara utlekinga i testen.

NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning) sa derimot, med referanse til kunnskap og til same testen «at kadmium kan oppkonsentreres i vann og at dette kan påvirke kadmiumnivåer i arter som blåskjell og krabbe i områder rundt sjødeponiet».

Klima- og miljødepartementet godtok likevel MDIR sin vurderingar og gav utsleppsløyve.

Nye planar kan bety reduksjon i mengda kadmium til 3 - 4 kg, som likevel er det doble av dei 1,5 kg Nyrstar fekk løyve til. Kadmium og andre metall må no vurderast seriøst og det må søkjast om utsleppsløyve.

I tillegg til det som er nemnt her har vi også kjemikaliane. For halvtanna år sidan tok eg i Firda opp spesielt kadmium, men utan respons frå NIVA eller Nordic Mining. Dei bør no svare på det og om andre tilhøve sidan dette skulle vere av stor interesse for dei som i desse dagar vurderer høyringsutsegner til Mineraldirektoratet. Innhaldet i denne kronikken er grunngjeve i ei utsegn eg har sendt dit.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags