Feilinformasjon om gruveavfall

MOTSTRIDANDE: Søknaden om utsleppsløyve inneheld to dels motstridande variantar om tungmetall-innhald (utanom kadmium og kvikksølv) i malm. Miljødirektoratet valde den eine utan å forklare kvifor. Konsekvensane av det synest minimale, men det tyder på sakshandsaming noko over stokk og stein, skriv artikkelforfattaren.

MOTSTRIDANDE: Søknaden om utsleppsløyve inneheld to dels motstridande variantar om tungmetall-innhald (utanom kadmium og kvikksølv) i malm. Miljødirektoratet valde den eine utan å forklare kvifor. Konsekvensane av det synest minimale, men det tyder på sakshandsaming noko over stokk og stein, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevNordic Mining (NM) har dels feilinformert Miljødirektoratet (MDIR) for deretter å bruke dei som sanningsvitne, i innlegg i Firda, om kor vel miljøet er vareteke i Engebø-planane. Dette skjedde med hjelp frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og Det Norske Veritas (DNV).

Tungmetall vart av Noregs geologiske undersøking analyserte i 32 prøvar av eklogitt frå 90-talet. Men ikkje kadmium og kvikksølv, som begge er svært giftige og prioriterte alvorlege miljøgifter med mål om full stogg i alle utslepp innan 2020. Det er seinare analysert for desse to metalla, men at det gjeld berre ein prøve vart ikkje fortalt av NIVA og DNV i eit oppsummeringsnotat som MDIR oppfatta som «basert på kunnskapsgrunnlaget som eksisterte». Formelt var MDIR uvitande om dette sparsomme grunnlaget. Etter det er publisert resultat for to prøvar til, men framleis er det altfor få.

Søknaden om utsleppsløyve inneheld to dels motstridande variantar om tungmetall-innhald (utanom kadmium og kvikksølv) i malm. MDIR valde den eine utan å forklare kvifor. Konsekvensane av det synest minimale, men det tyder på sakshandsaming noko over stokk og stein.

Kadmium vart utelate i to NIVA-rapportar i 2008, og NM brukte ein av dei i sin søknad om utsleppsløyve. MDIR brukte så rapporten som kunnskapskjelde. Sanninga er at ein test syner ubehageleg høg utlekking av dette metallet, og NIFES hevdar at det kan samle seg i arter som krabbe og blåskjel kring deponiet.

Ikkje nok med det. MDIR fann, tilsynelatande på eiga hand, fram til ei finurleg forklaring på kvifor tungmetall ikkje skal utgjere noko problem. Nemleg ved at dei hovudsakleg skal halde seg i ro inne i svevepartiklane i sjøen. Men testen syner det motsette. MDIR kan ikkje ha tenkt på at det, som konsekvens av deira påstand, må ha vore absurd høge mengder svevepartiklar i vatnet på slutten av nemnde test. En avslørande detalj.

Nemnde oppsummeringsnotat og utsleppssøknaden mangla opplysing om utlekingstesten.

Svevepartiklar i sjøen og fisk sine tolegrenser mot desse er tema i ein NIVA-rapport frå 2008. Den mangla det som då var den beste tilgjengeleg kunnskapen, endå deira svenske dotterselskap brukte akkurat den kunnskapen i sine rapportar. Her var det ein svensk og ein lågare norsk standard. NIVA fuska også på eit sentralt punkt, og villeia dermed MDIR.
Det Norske Veritas (DNV) plagierte i 2014 NIVA-tekst med fusk og elles av låg kvalitet.

Seinare kunne Havforskingsinstituttet og underteikna legge fram gamal kunnskap som syner at ei tolegrense må setjast under tiandeparten av det NIVA tenkte. Og ikkje nok med det, vi kunne opplyse om at svenskane sidan 90-talet hadde visst at torskeegg, som normalt flyt i sjøen, vil søkke pga. partiklar. MDIR fekk denne informasjonen, og DNV fekk det då travelt med å revidere rapporten sin. Men nemnde plagierte fusk står framleis i den nye versjonen.

Etter dette fekk MDIR eit meir oppdatert syn på tolegrenser og seinka desse ned til ca. tjuandeparten av NIVAs tenkte grense, både i Førdefjorden og i Repparfjorden.

Kjemikaliane er omtala av NIVA i ei vurdering av låg kvalitet og med fleire urette påstandar, inkludert eit tal som er eitt tusen gongar for lågt. MDIR gav ikkje løyve til bruk av alle stoffa, og med mottak av meir korrekt informasjon hadde kanskje foten vorte sett ned for endå fleire.

Lista over feil og manglande informasjon til miljøstyresmaktene kan gjerast lenger. Eitt er sikkert, NM er på tynn is når Miljødirektoratet sine vurderingar vert tekne til inntekt for påstanden om god ivaretaking av miljøet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags