Ein tvilsam avtale – i siste liten

BUNDEN: Nye Sunnfjord kommune kan koma til å bli bunden på hender og føter på grunn av denne tvilsame avtala – som kan vere i grenseland for lovleg forvaltning, skriv artikkelforfattaren.

BUNDEN: Nye Sunnfjord kommune kan koma til å bli bunden på hender og føter på grunn av denne tvilsame avtala – som kan vere i grenseland for lovleg forvaltning, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev17. september godkjende formannskapet i Naustdal kommune, med ordførar Håkon Myrvang i spissen, ein avtale inngått på valdagen 9. september, mellom Naustdal kommune, Askvoll kommune og Nordic Mining (NM). Nye Sunnfjord kommune kan koma til å bli bunden på hender og føter på grunn av denne tvilsame avtala – som kan vere i grenseland for lovleg forvaltning.

Same dag som Helge Robert Midtbø stilte til val for Sunnfjord AP under slagordet «ingen sjødeponi», skreiv altså ordføraren i Naustdal, Håkon Myrvang, som stod som nummer tre på lista til Sunnfjord AP, under ein avtale med Nordic Mining. Avtala handlar stort sett om kva NM skal gje tilbake til Askvoll og Naustdal som takk for retten til å driva gruve med ope dagbrot og sjødeponi. På same tid har disse to kommunane jobba med ei fråsegn til Direktoratet for mineralforvaltning si høyring av driftskonsesjon for Engebø-prosjektet. Ho vart handsama i Naustdal kommunestyre tysdag 17. september, der dei prøver å gje inntrykk av at Naustdal kommune har stilt tøffe krav til NM i avtala.

Grunnlaget for kontroversen er framleis det same: NM skal driva sjødeponi og ope dagbrot, punktum! Det står ikkje eitt ord i fråsegna til kommunen om det alternativet som finst til NM: Arctic Mineral Resources (AMR), som har planar om utvinning av granat i Engebøfjellet, utan sjødeponi og ope dagbrot.

Det som er verdt å hugsa er at lovnadane frå NM i avtala først og fremst handlar om to ting: NM går ikkje med på nye miljøkrav, det dei lovar er at dei skal gjera så godt dei kan – når og om det passar dei. «Maksimal ressurs- og masseutnytting» er blitt synonym med sjødeponi. Det andre er at NM lovar forskjellige «samfunnsnyttige tiltak». Men dei tiltaka er anten allereie lovpålagde eller så ulne at NM lett kan koma seg av kroken. Eller så kjem dei først og fremst NM sjølv til gode.

I avtalen lovar NM for eksempel at dei skal ta inn lærlingar, noko dei innrømmer er i deira eiga interesse. Dette tiltaket er uansett lovpålagt. Det står også at NM skal «medverke til framtidsretta kollektivløysingar innan buss og båt, og inngå samarbeidsavtale for realisering». I valdagsavtalen er punktet om kollektivtransport mykje meir uklart. Der står det at selskapet skal «etablere dialog», «diskutere gode alternativ» og «vurdere økonomiske bidrag». Dei lovar også «å utrede behov og mulighet» for etablering av el-båt for persontransport mellom Askvoll og Engebø, i samarbeid med Askvoll kommune.

I fråsegna står det at det bør vera eit krav at selskapet skal vera klimanøytralt, at prosessanlegg og transport bør ha elektrisk drift, og at det må vera ein tidfesta plan for overgang mot klimanøytral drift dersom det ikkje blir eit krav at drifta er klimanøytral frå fyrste dag. Men i valdagsavtala står det at driftsplanane til NM «vil bli revidert jevnlig og tilpasses i forhold til endrede miljø- og markedsforhold, utnyttelsesgraden av mineral og løpende teknologiutvikling som kan ha betydning». Hadde ein forventa noko anna enn at eit selskap reviderer driftsplanane undervegs i forhold til det som maksimerer vinsten? Har det noko med miljøomsyn å gjera?

Den nye avtalen bygger i hovudsak på ein avtale mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Askvoll kommune, Naustdal kommune og Nordic Mining frå 2012. Klausulen i valdagsavtalen om at Nordic Mining skal bidra med 30 millionar til etablering av «lokal industri og mineralinkubator» over 10 år, tiltak som kjem NM direkte til gode, er derfor ikkje ny.

Selskapet har altså forplikta seg til å yta 3 millionar kroner årleg til formåla i 2012-avtala. Det som er nytt i valdagsavtalen er at Nordic Mining har lagt inn nye vilkår: Pengane kjem «dersom drifta har tilfredsstillande økonomiske resultat.»

Ei meiningslaus avtale, men ikkje utan meining. I den nye avtalen med NM står det: «Intensjonen i avtalen skal ivaretas gjennom at det før driftsstart utarbeides egne vedtekter som partene godkjenner.» Driftsstart blir garantert ikkje i år, og neste år er Naustdal kommune historie.

Kven er det då som er partane i avtala? Det er iallfall ikkje Naustdal kommune. Men nye Sunnfjord kommune risikerer å bli bunden på hender og føter på grunn av denne tvilsame avtala. Skulle den nye kommunen velja å gå imot dei storstilte gruveplanane som Nordic Mining og entusiastar i Naustdal kommune har lagt opp til, kan saka hamna i retten. Då kan gruveiveren til Håkon Myrvang koma til å kosta Sunnfjord dyrt, anten det er på den eine eller andre måten.

Konklusjonen er at Naustdal kommune, med Askvoll på slep, gjer eit siste desperat forsøk på å bana vegen for sjødeponi og ope dagbrot. Myrvang har lagt så mykje prestisje i saka at han på tampen av ordførarperioden går imot Sunnfjord AP sin nei-til-sjødeponi-politikk, og prøver å koma Sunnfjord kommune i forkjøpet, og påverka DMF før den nye kommunen tek stilling til saka.

Heile fråsegna er ei tåkelegging av det faktum at det finst ein annan aktør som har heilt andre og meir miljøvenlege gruveplanar. Det å snakka om «maksimal ressurs- og masseutnytting» høyrest fint ut, men det er framleis er snakk om sjødeponi, ope dagbrot og storskala miljøøydelegging. Det kan vi ikkje godta! Kampen mot sjødeponi fortset!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags