Aksjonærar eller aksjonistar?

Av
DEL

MeiningarDette lesarinnlegget var først sendt til Firda 23.07.19, men har ved ein inkurie dessverre ikkje kome på trykk. Innlegget er ikkje endra, men vert sendt inn på ny slik det var skrive. Etter innlegget vart sendt inn fyrste gong har der kome nye innlegg frå den same aksjonæren i Nordic Mining, med mykje dei same påstandane, om endå meir spissa. Dette vert ikkje kommentert ytterlegare. Svara eg gav 23.07 gjeld like fullt, og treng ikkje endrast eller utdjupast. Her er det opphavlege innlegget:

Ole Erik Thingnes.

Ole Erik Thingnes. Foto:

På ny forsøker ein av aksjonærane i Nordic Mining (NOM), i papirutgåva av Firda 23.07, på grovaste vis å skade Naustdal/Sunnfjord SV med fleire.

Aksjonæren utfører her eit alvorleg angrep på demokratiet, og fleire namngjevne personar. Dette kjem frå ein aksjonær i eit selskap som har saker til politisk handsaming i den kommunen der nokre av desse er folkevalde. Slik framferd skader ikkje berre truverdet til aksjonæren, men også truverdet til selskapet hans. Kan hende det er på tide at NOM grip inn og roar ned eigne rekker?

Det er mellom anna folkevalde i kommunestyret i Naustdal kommune aksjonæren i NOM angrip. Kva har han å vinne på dette? Forsøker han å manipulere fram inhabilitet gjennom media? Forsøker aksjonæren å få fjerna «motstanden» i kommunestyret? Trur aksjonæren at det er slik kommunelova og forvaltningslova fungerer, at det er dette som var hensikta med desse lovene?

Eg vert gjerne med å konstruktivt diskutere løysingar på utfordringane rundt gruvedrift, men dette her er noko ganske anna. Debattinnlegga frå aksjonæren er ikkje forsøk på diskutere, men å kneble. Men det verkar mot sin hensikt, eg let meg ikkje kneble, eg vert trygga i at saka eg kjempar for er viktigare enn nokosinne. Slike krefter som aksjonæren her statuerer eksempel på, er verd å stå opp imot.

Eg har rygg til å tole dette, det håpar eg dei andre som vert angripne også har, men liknande personangrep skal ein leite lenge etter. Og godt er det. Det siste innlegget (Firda 23.07) frå aksjonæren var svært utriveleg og kunne ikkje stå uimotsagt, men eg kjem ikkje til å fortsetje diskusjonen med denne eller andre aksjonærar i NOM. Som dei fleste kan sjå fører det lite godt med seg, og er svært lite konstruktivt. No er det heldigvis opp til folkevalde organ å handsame politiske saker, og ikkje aksjonærane i dei impliserte selskapa. Det trur eg vi alle skal vere glade for. Lenge leve demokratiet!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags