Sunnfjord Energi og BKK er sterkare saman

GODE TENESTER: Eg vil at Sunnfjord kommune skal levere gode primærtenester innan oppvekst og helse og omsorg, men eg vil også at Sunnfjord kommune i langt større grad skal ta ei rolle som samfunnsutviklar, skriv Gunn Merete Paulsen. Bildet er frå Førde bystyre dÅ Fredrik Behrens, Jannicke Hilland, Arvid Andenæs presenterte fusjonsavtalen.

GODE TENESTER: Eg vil at Sunnfjord kommune skal levere gode primærtenester innan oppvekst og helse og omsorg, men eg vil også at Sunnfjord kommune i langt større grad skal ta ei rolle som samfunnsutviklar, skriv Gunn Merete Paulsen. Bildet er frå Førde bystyre dÅ Fredrik Behrens, Jannicke Hilland, Arvid Andenæs presenterte fusjonsavtalen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFusjon mellom Sunnfjord Energi og BKK – kortsiktig profitt men langsiktig tap? spør Helge Robert Midtbø gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Førde, i eit lesarinnlegg i Firda.

Eg er meir redd for at frykt for endringar og trua på at vi alltid er best aleine vil føre til at vi mistar ein sjanse til den beste langsiktige forvaltninga av fellesskapet sine ressursar.

Det er ingen tvil om at spørsmålet om fusjon eller ikkje mellom Sunnfjord Energi og BKK er ei komplisert sak som vi som politikarar må ta stilling til. Kvifor det er vanskeleg? Jo, mest fordi det handlar om å velje rett inn i ei framtid som vi ikkje veit noko om.

I vanskelege saker er det ofte lurt å lytte til dei som sit tett på saksfeltet og som har ein kunnskap som i alle fall eg ikkje har. I denne saka er fleirtalet av dei tilsette, administrasjonen i Sunnfjord Energi og eit stort fleirtal i styret for ein fusjon. Grunngjevinga er kort og godt at dei meiner ein fusjon vil styrke utviklinga av selskapet og dermed grunnlaget for utvikling i regionen. Dei har vurdert fusjonen opp mot tre interessentar: dei tilsette, kundane og eigarane. Det er deira vurdering at ein fusjon vil vere ein fordel for alle tre interessentgruppene. Bør ikkje vi som politikarar lytte til det?

Kan Sunnfjord Energi levere like godt aleine på alle desse punkta? Nei, meiner selskapet. Sjølvsagt kan Sunnfjord Energi leve vidare aleine. Hadde situasjonen i selskapet vore slik at det ikkje gjekk, ville forhandlingsresultatet sett annleis ut. Fusjonsavtalen er så god nettopp fordi selskapet også kan klare seg aleine. Men er det eit selskap som «kan klare seg» aleine vi vil bruke alle midlar for å vere ein stor eigar i?

Gunn Merete Paulsen

Gunn Merete Paulsen Foto:

Det ligg stort potensial i næringsutvikling knytt til grøn energi framover. BKK er langt framme av energiselskapa når det gjeld å skape klimavenlege og verdiskapande løysingar for framtida. Eg ønskjer at kommunen skal ha eigarinteresser i eit selskap som tek ein posisjon i det grøne skifte og som evnar å skape forretning og arbeidsplassar framover knytt til fornybarsamfunnet som blir sentralt om vi skal nå klimamåla våre. Eit selskap som er store nok til å kunne ha regionale, og gjerne nasjonale, satsingar. Fusjonsavtalen legg opp til at slike satsingar skal plasserast og vidareutviklast i Sunnfjord.

Dette er satsingar Sunnfjord Energi aldri vil kunne bli store nok til å ta. Innovasjon og utvikling knytt til elektrifisering av havnæringane vil bli store satsingar i BKK framover, og etter fusjonen skal dei styrast herifrå. Utvikling av løysingar for elfly med utgangspunkt i kortbanenettet vårt er eit anna eksempel på ansvarsområde vi får i eit fusjonert selskap. Det skal og etablerast eit utviklingsmiljø knytt til digitalisering her hos oss. I desse satsingane ligg det store moglegheiter for ny vekst og utvikling framover – for organisasjonen, for lokalsamfunna og for oss som eigarar. Vekst og utvikling som selskapet sjølv peikar på at dei i liten grad kan satse på med dei rammene som ligg i det å vere eit sjølvstendig selskap.

Så vil skeptikarane seie at dette kjem BKK til å ta vekk så snart fusjonen er gjennomført. Er det ein risiko for det? Ja, sjølvsagt, men kor stor er den risikoen eigentleg? Eg trur vi vil kunne klare å bygge miljø og kompetanse her som vil levere så godt at det ikkje blir eit tema. Den beste garantien for at satsingane blir verande her er at BKK framhevar at den modellen dei no vel er forretningsmessig fornuftig. Men dei tilsette må sjølvsagt levere. Det meiner dei sjølve at dei skal kunne gjere og vi bør gje dei moglegheita til å ta ei rolle i utviklinga av eit stort og sterkt energikonsern på Vestlandet. Eit energikonsern som kan forvalte fellesskapet sine ressursar på ein god måte inn i framtida og skape ny aktivitet og verksemd i ei digital og kundestyrt tid.

Vi skal heller ikkje gløyme redusert nettleige for både næringsliv, det offentlege og privatpersonar om det blir fusjon. BKK har i dag den femte lægste nettleiga i landet og truleg vil Sunnfjord Energi som sjølvstendig selskap ligge godt over BKK si nettleige – sjølv om det skulle komme ei politisk vedteken utjamningsordning.

Eg vil at Sunnfjord kommune skal levere gode primærtenester innan oppvekst og helse og omsorg, men eg vil også at Sunnfjord kommune i langt større grad skal ta ei rolle som samfunnsutviklar. Då er det viktig at vi ikkje bind opp ein for stor del av den frie kapitalen vår som eit ledd i ein kamp om å berge lokalt eigarskap til eit energiselskap som sjølv meiner utviklingspotensialet og moglegheitene er betre i ei større eining.

Til sjuande og sist handlar ja eller nei til fusjon om å ta standpunkt til kvar moglegheitene for utvikling for Sunnfjord Energi er størst. Eg meiner, til liks med selskapet, at dei er størst saman med BKK. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags