Eitt Sunnfjord for framtida!

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarEg var på næringsfrukost i banken i dag. Mykje folk og god stemning, som alltid! Ein møteplass for næringslivsfolk frå ulike bransjar og miljø som deler kunnskap om nye trendar og utviklingstrekk. Så utruleg viktig i ei tid då samhandling, kunnskapsdeling og nettverksbygging er stikkorda som avgjer om vi utviklar oss eller stagnerer.

Hovudkontor eller filial?

Vi fekk dokumentert allereie i innleiinga til Trond Teigene kor viktig det er at vi utviklar verksemder som faktisk har kraft, kunnskap og storleik til å vere sjølvstendige og ha hovudkontor i fylke. Ikkje noko gale sagt om DNB, Nordea eller Sparebanken Vest. Ikkje minst den siste er ein viktig samfunnsaktør og bidragsytar på mange område. Dei er med sine 35 tilsette i fylke den nest største, men blir små når vi reknar tal tilsette mot i Sparebanken Sogn og Fjordane sine 274. Det er sjølve dokumentasjonen på kor viktig det er at vi klarer å utvikle eigarskapen og kunnskapen slik at vi kan vere herre i eige hus.

Storleik – betyr det noko?

Så kan vi trekke parallellar til andre sektorar, som til dømes energi og entreprenør. For tida så blir det jobba godt med å få til ein fusjon mellom Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi. Eg både håpar og trur at alle ser at dette er ein rett veg å gå. Ein sektor i rivande utvikling der ny kunnskap og nye strukturar vil prege næringa i framtida. Eit robust selskap i fylket er vegen å gå.

Sjå på entreprenørbransjen, ein bransje som har hatt den sterkaste veksten i tal sysselsette i Sunnfjord dei siste åra. Store investeringar i veg, infrastruktur og bygningar (Helse Førde) vil krevje rygg til å stå bak store entreprisar. Førde og Sunnfjord har sterke tradisjonar og verksemder som likevel lett blir for små i slike anbod. Nasjonale aktørar får hovudentreprisen og våre dyktige lokale aktørar blir i beste fall underleverandørar. Kan vi få til eit sterkare forpliktande samarbeid eller fusjonar som gjer at vi sjølve kan løfte også dei største prosjekta?

Samhandling

Så tilbake til frukostmøte og mine stikkord frå innleiinga. Rolf Sanne Gundersen frå Sunnfjord Næringsutvikling fortalde engasjert og godt om planar og utfordringar. Men eg sit og kjenner på kor viktig det hadde vore med eit samla Sunnfjord. Akkurat som Nordfjord burde vore samla i ein kommune, så burde sjølvsagt Sunnfjord vore det same! Det toget er vel gått. Men næringslivet må tenke større.

Næringslivet og alle næringsutviklingsselskap i Sunnfjord må finne kvarandre! Her er så mykje å bygge på, så mykje å utvikle, så mykje å vise fram. Start med å samle alle som jobbar med næringsutvikling under same tak i Førde. Skap eit miljø der informasjon og kunnskap delast lettare og der samhandling blir enklare. Så få med Fjaler, Askvoll og Florø i eit felles næringsselskap og legg ein plan for korleis heile Sunnfjord skal utviklast og profilerast. Dei må gjerne sitte i sine nærmiljø men operere samordna i eit fellesskap. 

Kunnskapsdeling

Terje Laberg og Harald Husabø frå Årdal fortalde forsamlinga i banken om industrimiljøet i Årdal og korleis dei no legg ein kompetanseplan. Særleg utviklingsmiljøet til Hydro har lenge vore ein godt bevart hemmelegheit for resten av fylket. Men kravet til ny kompetanse tvingar dei også til å ta grep, og heldigvis gjer dei det saman med dei andre verksemdene i industribygda.

Her finst ressursar og kunnskap som sett i system kan vere navet i ei industriklynge der resten av industrien i fylket kunne hekte seg på. Industrien i Årdal er i fremste rekke i eit internasjonalt perspektiv. Tenk om vi kunne få delt denne kunnskapen med dyktige industriverksemder i resten av fylke. Ingen ting hindrar oss i det utan om vår eiga evne til å samhandle, vilje til å dele og, ikkje minst, vilje til å ta i mot noko andre har funne ut.

Nettverk

Grunnlaget for å få dette til er at vi brukar tid på å bli kjent med kvarandre og stole på kvarandre. Nettverk er dagens «kraftverk», blir det sagt. I eit fylke og i ein region med små senter og sterke lokale band blir dette endå viktigare. For eg meiner ikkje at større einingar samla i Førde er løysinga på alt. Men alle har behov for å høyre til i eit fellesskap. Det er dette fellesskapet eg vil bygge større og sterkare. Då er eit forpliktande nettverk løysinga, der vi løyser litt på dei etablerte strukturane og dei «lokalpolitiske» bindingane. Vi må våge å gi, våge å dele for å kunne få.

Utvikling eller avvikling

Tilbake til banken og dei 274 viktige arbeidsplassane. Faktisk jobbar nesten halvparten av alle tilsette i banken no i Førde. Svært mange pendlar inn frå Gaular, Naustdal, Florø, Jølster og Gloppen. Endringane har vore store og ofte smertefulle. Men alternativet hadde vore halvparten så mange tilsette, at teknologi- og produktutviklingsmiljøa låg i ein storby og leiinga sat i Bjørvika eller Bergen. 

Eg vil ha fleire verksemder som tek mål av seg til å utvikle seg med hovudkontor og arbeidsplassar i Sunnfjord. Eg trur vi har gode føresetnadar med å lykkast. Men då må vi våge meir. Våge å samhandle og sjå Sunnfjord som ein felles region. Våge å gå saman i større einingar. Våge å dele kunnskap. Våge å gi slepp på gamle strukturar og heller bygge nye og forpliktande nettverk på tvers av kommunegrenser og fogderi.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags