Slik kan nye Sunnfjord kommune bidra til næringsutvikling

GREP: Politikarane har allereie gjort eit fornuftig grep ved å opprette Sunnfjord Utvikling på utsida av kommuneadministrasjonen, no lokalisert saman med viktige utviklingsbedrifter i PEAK Sunnfjord, skriv artikkelforfattaren.  Bildet er frå Tibber. Frå venstre: Kjell Inge Rotnes, Daniel Høyer Iversen og Linn Hege Helle.

GREP: Politikarane har allereie gjort eit fornuftig grep ved å opprette Sunnfjord Utvikling på utsida av kommuneadministrasjonen, no lokalisert saman med viktige utviklingsbedrifter i PEAK Sunnfjord, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Tibber. Frå venstre: Kjell Inge Rotnes, Daniel Høyer Iversen og Linn Hege Helle. Foto:

Av
DEL

MeiningarNår den første ordføraren i nye Sunnfjord kommune går ut på terrassen utanfor kontoret sitt for å klarne tankane, kva bør han då ha i mente?

I lys av den føreståande kommunesamanslåinga i Sunnfjord, har vi i PwC laga ei næringsanalyse. Analysen vart først presentert i eit møte mellom politikarar og næringslivsleiarar som PwC arrangerte saman med Sunnfjord Utvikling.

Innsikt i dagens situasjon er viktig når ein skal bu seg på framtida. Ein ting er sikkert; vi vil gå gjennom store endringar i åra framover. Både med tanke på korleis kommunen samhandlar med innbyggjarane og strukturen i næringslivet. Begge deler sterkt påverka av både globale og lokale utviklingstrekk.

Dei siste åra har det gått godt i regionen og landet. Vi har opplevd auka kjøpekraft, lågt rentenivå, vekst i offentleg forbruk og næringslivet i omlandet har gått godt. Vi har hatt tidene med oss. Dette viser att i næringslivet.

Samla verdiskaping i lokale verksemder i Sunnfjord auka med 17 prosent i åra 2014–2017 (Veksten inkluderer ikkje tal for verksemder som ikkje har hovudkontor i Sunnfjord). Dei tre største bransjane i nye Sunnfjord kommune vil vere varehandel, inkludert reparasjon av motorvogner, helse- og sosialtenester og bygg- og anleggsverksemd.

Varehandel, inkludert bilbransjen, hadde ei omsetningsauke på heile 30 % mellom 2014-2017. Nær 1500 sunnfjordingar jobbar i denne bransjen, men det talet vil truleg synke. Utfordringar knytt til netthandel, konsolidering og tøff konkurranse vil bli tydelegare.  

Byggje- og anleggsverksemder utgjer ei viktig og stor næring i nye Sunnfjord, med nær 2 milliardar i samla omsetning. Men oppdrag og utvikling er tett knytt til folketalsutviklinga, og der peikar desverre pilene feil veg. Samarbeid om større oppdrag er éi løysing. Aktørane vil då bli i stand til å konkurrere på oppdrag dei elles ville vore for små for åleine.

Kva kampar blir viktige for å få til positiv utvikling i nye Sunnfjord kommune?

Vi i PwC vil peike på attraktivitet som ein svært viktig faktor. Sunnfjord må vere attraktivt; for bedrifter å etablere seg i, for menneske å busette seg i og for turistar å besøke.

Dette må Sunnfjord jobbe med, samstundes som kommunen må takle globale megatrendar. Klimaendringar, eldre befolkning, urbanisering og eit økonomisk maktskifte er krefter som vil påverke regionen uavhengig av kva parti som sit att med ordførarkjedet etter valet. Til dømes vil talet på eldre over 80 år i Sunnfjord auke med over 130 prosent  i fram mot 2040!

I lys av dagens næringsstruktur og drivkrefter som vil påverke næringsliv og kommune ser PwC fire områder vi vil råde folkevalde til å ha i mente framover for å skape grobotn for vekst og utvikling.  

 * Skap ein samhandlingskommune: støtt dei som viser initiativ og handlekraft.

* Samarbeid er «vinn-vinn»: regionen har store naturressursar som skapar aktivitet i  
 regionsenteret

* Forstå og hjelp eit næringsliv i stor omstilling

* Skap ein god vertskommune og jobb med besøksattraktivitet

Politikarane har allereie gjort eit fornuftig grep ved å opprette Sunnfjord Utvikling på utsida av kommuneadministrasjonen, no lokalisert saman med viktige utviklingsbedrifter i PEAK Sunnfjord. Dette er framtidsretta og rett om kommunen vil samhandle med dyktige og handlingskraftige personar i næringslivet.

Om vi står saman er vi betre rusta til å møte store endringar. Når olje og gass vert redusert er det Vestlandet og kysten som har næringane som skal berge velstandsnivået i Noreg. Sunnfjord kommune har utfordringar, men mest av alt store moglegheiter.

Difor er eg glad for at ein frå 2020 skal samle kreftene i ein større kommune

(Vil du lese heile næringsanalysen finn du den på Pwc.no)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags