Airlift-direktøren: – Om vi likar det eller ikkje, så er vi på god veg til å bli filial-regionen Sunnfjord

POPULISME: Stian Hårklau reagerer på at mykje av debatten om fusjon mellom BKK og Sunnnfjord Energi har handla om nettleige.

POPULISME: Stian Hårklau reagerer på at mykje av debatten om fusjon mellom BKK og Sunnnfjord Energi har handla om nettleige. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI det siste har debatten kring lokalt eigarskap vore sentral i forbindelse med fusjonssaka mellom Sunnfjord Energi og BKK. Eg skal ikkje meine noko sterkt om denne saka, då leiing og styre har eit mykje betre grunnlag å vurdere dette ut frå. Likevel gjer eg meg nokre betraktningar kring lokalt eigarskap.

Om vi likar det eller ikkje, så er vi på god veg til å bli filial-regionen Sunnfjord. Eg vil understreke at ut frå eit bedriftsøkonomisk perspektiv så kan det vere gode grunnar til at det er vorte slik, men næringspolitisk er dette ei kjempeutfordring. Særleg i eit lengre tidsperspektiv.

Selskapet eg sjølv leiar, Airlift, er eigd frå Belgia, og eg opplever lite engasjement rundt lokal næringsutvikling frå den kanten.

Stian Hårklau, adm. dir. i Airlift

La meg ta nokre eksempel frå transportbransjen som eg kjenner godt gjennom ulike roller dei siste 10 åra. Fjord1, Norges største ferjeselskap, er i ferd med å bli styrt frå «avdelingskontoret» i Bergen og frå Fosnavåg. Firda Billag sitt største forretningsområde, Firda Billag Buss, får sine rammer i stor grad definert frå Norgesbuss og Torghatten. Selskapet eg sjølv leiar, Airlift, er eigd frå Belgia, og eg opplever lite engasjement rundt lokal næringsutvikling frå den kanten.

Dette er svært uheldig i eit noko lengre tidsperspektiv. Det er uomtvisteleg slik i næringslivet at der kapitalen og hovudkontorfunksjonane sit, der skjer utviklinga over tid. Knoppskyting, nye strategiske initiativ, definering av marknadsområde, forsking og utvikling, det skjer der dei strategiske beslutningstakarane sit. Det finst unnatak, men likevel er det slik at desse unnataka er prisgjevne beslutningar og aksept frå krefter som sit lenger unna. Resultatet av dette er at vi ikkje styrer vår eigen skjebne.

I dag har vi et blomstrande gründermiljø i Sunnfjord, der Peak-Sunnfjord framstår som spydspissen. Dette synest eg er svært kjekt å sjå, men vi skal vere veldig klar over at få av desse bedriftene vil vekse fram til å bli store «sysselsettarar». Det som også er viktig å ta med seg er at dei som har potensial til å vekse fram som store arbeidsgjevarar dei treng kapital og industriell-backing i ryggen. Kven skal gje dei dette når vi ikkje har selskap med hovudkontorfunksjonar igjen i Sunnfjord?

Mangelen på fagarbeidarar i tida framover er peika på som ei av våre store utfordringar lokalt. Eg deler denne bekymringa, men eg er også bekymra for at for få ser alvoret i at mangelen på strategiske arbeidsplassar er begynt å bli akutt.

For eigen del flytta eg heim igjen frå Oslo med mål om å kunne finne spennande leiaroppgåver. Det har eg foreløpig lykkast med, men eg er meir og meir usikker på om eg likevel gjorde eit rett val i eit lenger perspektiv. Ikkje fordi eg ikkje trivst, men fordi eg er svært usikker på om eg har alternativ litt fram i tid. Det skremmer meg.

Det som likevel skremmer meg endå meir er at mykje av debatten rundt BKK og Sunnfjord Energi har handla om redusert nettleige på under 5.000 kroner for oss innbyggarane. Dette er i beste fall eit populistisk og lite langsiktig perspektiv.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags