Når alt anna ikkje betyr noko

KONESEKVENSER: Demonstrantane som samla seg i tusental kan heller ikkje gå utan å kjenne konsekvensane. Som storsamfunn, så må vi seie at liva til dei eldre og dei med svakare helse betyr noko, skriv artikkelforfattaren.

KONESEKVENSER: Demonstrantane som samla seg i tusental kan heller ikkje gå utan å kjenne konsekvensane. Som storsamfunn, så må vi seie at liva til dei eldre og dei med svakare helse betyr noko, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

La oss gå ut ifrå at folk flest er imot politivald og rasisme. Det er nok eit syn eg deler med mange av dei som demonstrerer rundt i verda etter drapet på amerikanaren George Floyd. Kvifor tek eg opp dette? Det har noko med at protestane har bevega seg over vatnet til Europa. Til Noreg.

Eg lurer på om demonstrantane som samla seg i Oslo, har gløymt at vi enda er i ein pandemi. Viruset bryr seg ikkje om hudfarge eller kjønn, politikk eller samfunn. Om det ikkje hadde våre ein pandemi, så ville det ikkje vore noko gale med demonstrasjonar der tusenvis samlar seg. Men sidan handlingane til desse menneska kan gå kraftig ut over helsa til eldre og dei med svakare helse, så betyr ikkje tanken bak noko i forhold til konsekvensane.

I staden for solidarisk, blir handlinga meir farga av sjølvopptattheit, når andre menneske blir offer for nokon sin lyst til å stadfeste sitt syn. Faktisk blir handlinga usolidarisk ovanfor folk flest, dei som kanskje ikkje klarar å bli smitta og dei som er relativt flinke i å overhalde råda for smittevern.

Demonstrasjonane har komme til Noreg, med tydeleg framferd i Oslo. Det eg ikkje vil, er å sjå liknande demonstrasjonar spreie seg i Noreg. Derfor vil eg vere med å åtvare mot dette. Uansett kva det måtte vere, så kan vi ikkje senke garden til dei grader vist i Oslo fredag den femte. Viss ein skal stadfeste seg mot politivald og rasisme, så gjer som for eksempel SoFjo pride; ha det digitalt. Sjølv om at dei mest sannsynleg har ein problematisk underliggande agenda, så planlegg dei å gjere sitt i samsvar med råda for smittevern. Viss folk huska på å følge råda, så ville vi ikkje vere i noko større fare.

Demonstrantane som samla seg i tusental kan heller ikkje gå utan å kjenne konsekvensane. Som storsamfunn, så må vi seie at liva til dei eldre og dei med svakare helse betyr noko. Det er ovanfor dei, vi har ei plikt å leggje menneska som har trampa over råda for smittevern i karantene. Vi kan ikkje la dei ha sjansen i å spreie smitta vidare. La ikkje døden av ein mann forårsake død og elende for fleire.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags