Naken lærer seg å spinne

Av
DEL

Lesarbrev

«Naken kjerring lærer seg å spinne», er eit gammalt ordtak.

I våre dagar er livet sett på vent for mange, og for dei aller fleste er uvissa fast gjest i heimen.

Massemedia fyllest av teoriar og alternative løysingar på dei problem som møter den enkelte, familiar og samfunn. Mest av alt klårnar det seg eit bilde av bortskjemde borgarar, trygt plasserte i posisjonar der stat og kommune har overteke og regulert bort det meste av personleg fridom og grad av sjølvråderett.

Når storsamfunnet skakar i strukturane, ser vi kor skjør den er, denne velferdsstaten som den politiske eliten har tømra samen og gjort oss ein del av.

Eit eksempel er bekymringa for studentane. Ein moderne student har bustad i nærleiken av studiestaden, kjøpt eller leigd for å ha nærleik til studiet, miljøet og det sosiale liv som kjennest meiningsfylt for studerande ungdom. Eit ukjent tal har deltidsjobb ved sida av lån/stipend for å få «endane til å møtast».

No krev politiske parti som er på stemmejakt at studentane må få «økonomisk kompensasjon» på linje med alle andre som misser inntekt og arbeid. Samstundes ser vi at landbruket treng auke i arbeidskraft for å møte kravet om sjølvberging («matauke» sagt på ein folkeleg måte).

Når barn/ungdom kan få tilrettelagt si opplæring i heimekarantene, kvifor kan ikkje studentane få det på same måte?
Om pubrunden lyt sløyfast, så kan nærkontakten med heimemiljøet til den enkelte bli meiningsfylt og til hjelp på mange måtar. Studiet kan gjennomførast, sårt tiltrengd arbeidskraft tilførast og familierelasjonar kan bli styrkte der banda har blitt lausare dei seinare år. Men ingen regel utan unnatak. I særtilfelle der studiet krev fastlagd møtestad, kan Lånekassen gje ekstra løyving.

Eg observerte her om dagen ein lærling som kjøpte lunsjen sin på coop'en. Denne lærlingen kjende eg, kom frå ein velfungerande heim med gode matrutinar der foreldra smurde eigne matpakkar. Men på eit eller anna vis hadde ikkje denne gode skikken blitt overlevert til neste generasjon.

Bagatell? Kanskje, men alle teikn peikar mot trongare økonomiske tider, og alle bør tenkje gjennom korleis ein kan omstille seg for å legge eit sikringsnett kring eige tilvære. Den tid der staten skal stille opp, blir unnataket, ikkje regelen.

Fram med rokken, lær deg å spinne. Om tråden ryk, så skøyt endane saman og spinn vidare. Og så treng den politiske eliten å lære seg at «Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja.»

President Trump deltek kvar morgon på andakten i Det kvite Hus før arbeidet i Det ovale Kontor tek til. Ikkje dårleg start på dagen, vil eg seie!

«Med Guds hjelp», kan helseministeren godt starte/slutte sine oppmuntrande ord med.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags