Murihagen eit prosjekt for framtida eller eit økonomisk prosjekt for BOB frå A til Å?

MEINER PROSJEKTET BLIR DOMINERANDE: – Mange meiner er at vi bør likne meir på Bergen og Oslo, men må vi det? Kan hende har vi kvalitetar som større byar ikkje har? spør innsendaren som meiner BOB sitt prosjekt Murihagen blir for dominerande i området på Bergum/Haugum.

MEINER PROSJEKTET BLIR DOMINERANDE: – Mange meiner er at vi bør likne meir på Bergen og Oslo, men må vi det? Kan hende har vi kvalitetar som større byar ikkje har? spør innsendaren som meiner BOB sitt prosjekt Murihagen blir for dominerande i området på Bergum/Haugum. Foto:

Av

– Prosjektet bør reduserast betrakteleg. Det bør vere meir grøntareal og ha betre parkeringsdekning, skriv Aud Viken.

DEL

Lesarbrev

Viser til lesarinnlegg i Firda 29. mai og laurdag 5. juni.

Eg har lese begge innlegga med interesse og vil gjerne komme med eit innspel i høve til BOB sitt nye prosjekt, Murihagen.

Det er lenge sidan bustadbyggelaget har levert nye byggeprosjekt i Førde og det meiner eg er har vore beklageleg. Når no endeleg BOB kjem på bana etter at Sogn og Fjordane bustadbyggelag vart slege saman med Bergen, må eg seie at dette prosjektet gjer meg skuffa.

Dette bukomplekset er planlagt med svært høg utnyttingsgrad, og skal setjast opp i eit område der fortettinga er høg frå før. Mange trur at rekkehusa i området er familiebustader, men rekkehusa i Øvre Stranda har berre to- og treroms husvære. I rekkehusa langs Hornnesvegen er det vel 50 prosent fireroms husvære (med 70-tals storleik). Resten er toroms. Det er blokker både på Haugum og Bergum, desse har varierande storleik på husværa.

Prosjektet Murihagen ser på papiret lovande ut og ein kan såleis lett bli blenda dersom ein ikkje ser planane i høve til tomt og området rundt. Prosjektet kunne kanskje vore bra i eit område der det var ein del av ein større plan, men i dette tilfellet vert prosjektet plassert i eit område der det no er eldre bygningar som ikkje kan nyttast, men som tidlegare var ein del av ein plan.

Aud Viken bur på Stykkje i Førde, i nærleiken av der BOB sitt prosjekt Murihagen er planlagt.

Aud Viken bur på Stykkje i Førde, i nærleiken av der BOB sitt prosjekt Murihagen er planlagt. Foto:

Dette prosjektet, slik eg ser det, vil stå fram som svært dominerande i området, og medføre ulemper i eit alt eksisterande buområde. Etter mi meining bør dette prosjektet reduserast betrakteleg. Det bør vere meir grøntareal og ha betre parkeringsdekning. Prosjektet ligg utanfor sentrum.

Dei som skal bu der skal levere ungar til skule og barnehage, difor må tal plassar for parkering vere i tråd med det behovet som bebuarane i prosjektet vil få. Førde er ein liten by på Vestlandet. For tida er det moderne «å vere urbane». Mange meiner er at vi bør likne meir på Bergen og Oslo, men må vi det? Kan hende har vi kvalitetar som større byar ikkje har? Kan hende det vert ein fordel i framtida å satse på småbyen sine kvalitetar.

I sentrum av Førde er det bygd fleire bygg med mindre og større leilegheiter og det er planlagt endå fleire, men i Bergum/Haugum- området er fortettinga alt stor nok, og det er eit stykke til sentrum. Prosjektet har 75 bueiningar og nokre hyblar som eigentleg også kan nyttast som hybelleilegheit. Dette veit ein også kjem til å utløyse trafikk.

Etter siste versjon av endringar frå BOB ser eg ikkje vesentlege forbetringar i høve belastninga totalt sett for området, i høve tidlegare plan. Hornnesvegen og Strandavegen er no også sterkt belasta, mellom anna med køyring til og frå barnehagen øvst i Stranda.

Eg ber om at politikarane i Sunnfjord tek denne saka opp til grundig vurdering. Set dykk inn i korleis dette prosjektet vil stå fram. Etter mi vurdering er det svært uheldig om økonomi/utnyttingsgrad skal verte ei ulempe for området totalt sett i uminnelege tider. Eg er sjølv bebuar på Stykkje og kjenner godt til området og dei som bur her. I denne saka har mange same meining som eg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags