Ja, vi er alle på ein catwalk

STOLT UNGDOM: – Eg laga ein utradisjonell reportasje som fortel fleire historier om korleis det er å vere ung i dag. Her finn du dei som oppdaterer seg på trendane, dei som gjer blaffen og dei som legg ein innsats i å skilje seg ut. Eg trur dei fleste kjenner seg att i ein eller fleire av kategoriane, skriv David Sviland i sitt svar til Einar Solheim.

STOLT UNGDOM: – Eg laga ein utradisjonell reportasje som fortel fleire historier om korleis det er å vere ung i dag. Her finn du dei som oppdaterer seg på trendane, dei som gjer blaffen og dei som legg ein innsats i å skilje seg ut. Eg trur dei fleste kjenner seg att i ein eller fleire av kategoriane, skriv David Sviland i sitt svar til Einar Solheim. Foto:

Av
DEL

MeiningarEinar Solheim fekk ei dårleg kjensle etter å ha lese reportasjen min om mote på vidaregåande skular og viser til kor mykje pengar vi og kanskje han sjølv brukte på ting og tang i jula. Flott. Då har reportasjen fått minst éin lesar til å tenke seg om.

Meir alvorleg tar eg påstanden om at saka sviktar samfunnsoppdraget ved å byggje opp om kjøpepress, gruppepress og mobbing.

Eg er den første til å innrømme at mote inneber konflikt – noko er inn og noko er ut. Reglane for kva som er kva, endrar seg frå skule til skule og frå arbeidsplass til arbeidsplass, og for mange er det eit sårt tema.

Då eg drog ut for å undersøke motemønster i fylket, leita eg etter stolte ungdommar som ville seie noko om kleda dei går med. Det fann eg. Derfor laga eg ein utradisjonell reportasje som fortel fleire historier om korleis det er å vere ung i dag. Her finn du dei som oppdaterer seg på trendane, dei som gjer blaffen og dei som legg ein innsats i å skilje seg ut. Eg trur dei fleste kjenner seg att i ein eller fleire av kategoriane.

Denne gongen ville eg vise kor kule, flotte og menneskelege ungdommane i fylket er

David Sviland, nynorskpraktikant

Eg håpar ikkje reportasjen motiverer til mobbing. Men eg garanterer ingenting – klede er eit heitt tema. Det er likevel ikkje grunn nok til å omgå tematikken. Så kan ein innvende at Firda heller burde skrive om kor dumt det er med kjøpepress og mobbing. Det ville eg ikkje gjere denne gongen. Denne gongen ville eg vise kor kule, flotte og menneskelege ungdommane i fylket er. Alt ligg gøymt i kleda til både ungdommane og Solheim.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags