Einar Solheim: – Er skulen ein catwalk?

PRESS: Einar Solheim meiner Firda er med på å forsterke gruppepresset ved å omtale visse klede som eit «must».

PRESS: Einar Solheim meiner Firda er med på å forsterke gruppepresset ved å omtale visse klede som eit «must». Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg sat med ei dårleg kjensle etter å ha lese om klesmotar på dei vidaregåande skulane i Firda torsdagen i romjula.

Vi har nett vore gjennom ei jul der vi har handla gåver og klede for millionar. Samstundes har mange av oss snakka om at materielle verdiar og dyre ting ikkje skal fokuserast for mykje på, og om at omtanke til medmenneske og tid med familie er viktigast. Meiner vi det? Vil vi gjere noko med at materielle verdiar har så stort fokus? Og kva rolle spelar avisene i lokalsamfunnet i denne samanheng?

Det kan vere ei rett situasjonsskildring slik det vert framstilt av Firda. At kleda dine er ditt beste vern på skulen. At det er best å vere i takt med sidemannen. At «alle» har akkurat den jakka.

Handelsstanden kan godt sende ut katalogar der ein viser kva som er moten i år. Ungdomen veit at reklame er reklame, at den er appellativ, og skal få oss til å kjøpe. Men når Firda både viser med store bilete kva som skal til for ikkje å skilje seg ut, og samtidig skriv om det som eit must, synest ikkje eg dei treff bra. Det påverkar meir enn ein katalog! Er Firda nok klar over samfunnsansvaret sitt? Eg trur slike framstillingar byggjer oppunder kjøpepress, gruppepress og mogleg mobbing.

Eg lurer på kva føremål denne avisartikkelen skulle ha. I beste fall var det å setje fokus på eit problem med kjøpepress og gruppepress. Men då trur eg ikkje den ville vore framstilt på denne måten.

Einar Solheim

Politikar og far

Førde

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags