Morgondagens politi må møte morgondagens utfordringar.

POLITI PÅ NETT: –  I takt med at vi flyttar verdiane våre digitalt, har dei kriminelle følgt etter. Då må politiet også gjere det same, skriv Frida Melvær (H). Her er Frida Nordem Føleide i politiets nettpatrulje. Bildet er ein illustrasjon.

POLITI PÅ NETT: – I takt med at vi flyttar verdiane våre digitalt, har dei kriminelle følgt etter. Då må politiet også gjere det same, skriv Frida Melvær (H). Her er Frida Nordem Føleide i politiets nettpatrulje. Bildet er ein illustrasjon. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Kriminaliteten og dei kriminelle i Noreg har endra seg. Då må politiet følge etter.

Stortingsmeldinga om politiet handlar om korleis vi skal forhindre og kjempe mot morgondagens kriminalitet. Politiet skal vere på plass når vi treng dei, men dei skal også kunne løyse den kriminaliteten nordmenn faktisk møter. Vi må sjå framover og gjere det vi kan for å komme dei kriminelle i forkjøpet. Ikkje drøyme oss tilbake til ei tid der politiet måtte brukte mykje av tida si til å sitte på kontoret og svarte på telefonar.

Uansett kor vi bur i dette landet, så skal vi vere trygge. Politiet skal rykke ut tidsnok og oppklare saker raskt. Vi kan likevel ikkje late som om kriminaliteten er den same som for tjue år sidan.

Ei av dei sakene som aukar mest hos politiet, er overgrepssaker mot barn over nett. Nettverka strekkjer seg gjerne gjennom fleire land, byar og kontinent. Dette gjer slike saker vanskelege å avdekke. Berre sjå på tala: Seksuelle overgrep har eksplodert med over 160 prosent. Kriminaliteten er meir organisert og grenseoverskridande, og den skjer i større og større grad på nettet. Operasjon Sandra i Sør-Øst politidistrikt hadde over 400 fornærma og éin gjerningsperson som sat på tusenvis av filer med overgrepsmateriale. Dette krev enorme ressursar for politiet å oppklare. Men no har politiet har fått dei verktøya dei treng for å avdekke overgrepa.

Sidan 2014 har tradisjonell vinningskriminalitet i Noreg falle med heile 40 prosent. Det blir meir sjeldan at vi høyrer om innbrot i kioskar, butikkar eller bussar. Det betyr diverre ikkje at nordmenn har blitt meir lovlydige. I same tidsperiode har talet overgrep over nett, identitetstjuveri og tjuveri av digitale bilete auka kraftig. I takt med at vi flyttar verdiane våre digitalt, har dei kriminelle følgt etter. Då må politiet også gjere det same.

Det er lett å seie at alt var betre før, slik Arbeidarpartiet og Senterpartiet gjer i dag. Men dei snakkar aldri om kva som er deira alternativ til politireforma. Etter 22. juli fekk vi ein debatt om organiseringa av politiet. Viktige rapportar kom med nedslåande konklusjonar: Norsk politi var ikkje rusta for å møte morgondagens kriminalitet. Politiet var ikkje rett organisert. Gjerningsmannen på Utøya kunne vore stoppa tidlegare. Tilliten til politiet avheng av at dei klarer å løyse utfordringane og svare på den kriminaliteten som faktisk skjer i samfunnet vårt. Når dei kriminelle flyttar seg frå gata til data, må politiet gjere det same. Når terroristar planlegg angrep på norsk jord, må politiet ha kompetanse og ressursar til å stoppe dei.

Svaret på analysane etter 22. juli vart noregshistoria si største politireform, vedtatt av Høgre, FrP, V, KrF og Arbeidarpartiet i 2015. Dette vart både krevjande og dyrt. Førebels kan vi vere stolte av at vi har fått over 1500 fleire politifolk i landet. Vi har fått nytt teknisk utstyr og nye bilar som skal fungere som rullande lensmannskontor, og politiet startar etterforsking av saker raskare enn før. Det er også heilt uomtvisteleg at kriseberedskapen har blitt betre.

Når reforma vert sluttført i 2020, er politiet betre rusta enn nokon gong til å førebyggje og handtere moderne kriminalitet. Dette er viktige endringar for tryggleiken i Noreg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags