Mobbing – du ser det ikkje før du trur det

MOBBING: Må vi sjå for å kunne tru på? Eg trur det er omvendt – vi må tru på for å kunne sjå, skriv mobbeombod Aina Drage.

MOBBING: Må vi sjå for å kunne tru på? Eg trur det er omvendt – vi må tru på for å kunne sjå, skriv mobbeombod Aina Drage. Foto:

Av
DEL

MeiningarMobbing er ofte vanskeleg å sjå. Vi vaksne må forstå at det vi ser er bitar av eit større og ofte usynleg bilde – og med interesse, mot og rette verktøy kan vi kanskje klare å få auge på det.

Mobbesituasjonar kan frå utsida sjå ut som tilfeldige uhell, meir enn intendert handling. Dette er kjent for dei fleste som jobbar med barn. Når til dømes Even på 13 år eksploderer, skrik og slår etter dei andre, etter at han nok ein gong tilsynelatande tilfeldig fekk basketballen i andletet under spel i friminuttet. Korleis kan vi vite om dette berre var uhell?

Dei barnehagane og skulane som har gitt opplæring til alle tilsette om korleis dei skal sjå, høyre og undersøke saman for å avdekke mobbing er lure – for desse vaksne vil truleg klare å sjå eit større bilde og forstå kva som skjer mellom barna.

Mobbing skadar både den som utfører det og den som vert utsett for det, i tillegg til å skade miljøet det skjer i. Dess lenger mobbing får utvikle seg, jo større og djupare vert skadane. Det er heilt avgjerande at vi vaksne klarer å sjå når mobbing skjer.

Om sjølve situasjonen, det konkrete som skjer der og då, verkar å sjå ut som eit uhell, kan det vere lurt å setje saman informasjon ein har:

  • Kor ofte skjer dette? Kven er involvert?
  • Korleis er alvorsgraden i det som skjedde?
  • Korleis er dei emosjonelle reaksjonane til dei involverte – tilnærma like eller svært ulike?
  • Opplever ein gjensidige ønskje om å ordne opp?
  • Er anger synleg?
  • Prøver nokon å skaffe seg materielt eller sosialt gode gjennom slik handling?
  • Og – kva seier den som vert utsett for mobbing?

Mange elevar som vert utsette for mobbing fortel at når dei gir beskjed til ein vaksen, kjenner dei seg usikre på om dei vert trudd på eller teke på alvor. Det vil seie: Den vaksne viser forståing for at barnet kjenner seg utanfor, men ser ikkje same årsaka. Den vaksne ser heller ikkje alltid ut til å setje den aktuelle hendinga inn i eit større bilde – sjølv om barnet av og til fortel detaljert korleis hendingar heng i hop.

Ein direkte konsekvens av å ikkje bli teken på alvor er ei kjensle av svik, som ofte fører barnet til tausheit. Kvifor fortelje, og kvifor vise kjensler, når ein ikkje vert teken på alvor? Det må vere audmjukande.

Det kan sjå ut som at mange av oss vaksne har størst tillit til det vi openbert kan sjå med eigne auge. Og det treng sjølvsagt ikkje vere feil, om vi berre veit kva vi skal sjå etter. Men ein trasig konsekvens av det kan vere at når vi grip inn regulerer vi (mot-) reaksjonen til den som vert utsett for mobbing, i staden for å setje fokus på den eller dei som veit korleis ein skaper slike situasjonar. Slik kan mobbing halde fram, meir og mindre skjult.

Mange av sakene som mobbeombodet har vore involvert i har gått føre seg over fleire år, og har påført djupe sår. Og ny sårbarheit. Eg undrar på kva for forventningar vi vaksne har til korleis barn skal forstå det dei vert utsett for og korleis dei skal handtere mobbing? Og kven får definere om mobbing skjer? Det er jo ikkje sikkert vi har reflektert så mykje over det. Men, kva med å berre tru på barnet? Er det for drygt å velje å fullt ut tru på eit barn som opplever å bli utsett for krenking eller mobbing? Eitt barns oppleving av utrygt skulemiljø viser seg ofte å vere ein indikator på eit heilt miljø som ikkje er trygt og godt. Der eitt barn er utrygg er ofte fleire utrygge. Eg tenkjer det er lite truleg at barn spinn i hop dramatiske forteljingar om krenking og mobbing utan at det har rot i røynda.

Eg har både erfaring med og forståing for at det kan vere vanskeleg å sjå at mobbing skjer. Det kan vere vanskeleg å tru på noko du sjølv ikkje ser. Om eit barn ser ut til å trivast i timane, har vener på skulen, kjem på skulen kvar dag – og det attpåtil med eit smil, då kan det vere vanskeleg å forstå at det same barnet vert utsett for mobbing. Og om dette barnet i tillegg viser å sjølv vere i stand til å krenke, ja, då kan det vere endå vanskelegare å sjå mobbing.

Nettopp av denne grunnen har Utdanningsdirektoratet og Læringsmiljøsenteret utarbeidd verktøy for å kunne sjå og forstå dynamikken i barnegruppa. Grundige undersøkingar gjennom samtalar, observasjonar og refleksjonar kan avdekke mobbing og kartlegge det sosiale samspelet; identifisere sentrumselevar og dei meir perifere, finne kven som er godt og mindre godt likt og ikkje minst sjå korleis makta er fordelt. Dette er heilt avgjerande for å handtere mobbing og snu eit skulemiljø som er på avvege. Eg meiner òg det er heilt naudsynt å kartlegge dei ulike aktørane sine behov. Gjennom avdekking og kartlegging av sosial dynamikk og individuelle behov trur eg nøklane til treffsikre tiltak er å finne.

Men først av alt trur eg vi må velje, eller våge, å tru. Vi må tru på barnet som fortel at mobbing skjer. Vi må våge å tru på at det kan ligge meir bak eit uhell eller ei krenking, at bildet er større enn det vi faktisk ser, og at her kan vere element vi heller ikkje ønsker sjå. Først då kan vi fullt ut sjå kva som skjer.

Eg trur det er litt slik psykolog Kari Halstensen fortel om frå ei reise i Kenya. I ein hage viste ein gut den tamme kameleonen sin som sat i treet. Halstensen såg først ikkje kameleonen, men etter å ha leita med blikket ei stund, såg ho den. Halstensen trekk fram to ting som gjorde at ho såg kameleonen: for det første fortalde guten at den var der, og for det andre visste ho at den var vanskeleg å sjå. Begge deler påverka måten ho brukte auga sine på

Må vi sjå for å kunne tru på? Eg trur det er omvendt – vi må tru på for å kunne sjå. Det hadde i alle fall eg likt, om det var eg som nok ein gong ikkje vart invitert eller eg som nok ein gong vart utsett for eit «uhell» med basketballen ...

(Kjelde: K. Halstensen, 31.8.2018, «Å se kameleoner. Skjult mobbing pågår over alt til alle tider», Psykologisk.no)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags