Mobbing av Sognefjorden

YTRING: Aksept for vindkraft krav no at departement, direktorat, regjering og vindkraftutbyggarar sluttar å ytre seg på måtar som blir oppfatta grov ned- og undervurdering, ja beintfram rein mobbing i vanleg folkespråk. Mobbing av Verdas beste reiselivsmål, Sognefjorden, skriv artikkelforfattaren.

YTRING: Aksept for vindkraft krav no at departement, direktorat, regjering og vindkraftutbyggarar sluttar å ytre seg på måtar som blir oppfatta grov ned- og undervurdering, ja beintfram rein mobbing i vanleg folkespråk. Mobbing av Verdas beste reiselivsmål, Sognefjorden, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKvifor minskar tilliten til politikarar, næringsliv og media, slik den polariserte debatten for og mot «klimahysteri» på facebook er døme på? Tre innlegg på NRK Ytring viser godt kvifor:

Først ute 11.2 var Kristin Krohn Devold i NHO reiseliv og Dag Terje Solvang i Den Norske Turistforening (DNT) med kronikken «Vindkraft: Lokaldemokratiet overkjøres». Der dei kravde at lokalsamfunns-, reiselivs- og friluftsinteresser måtte vektleggast mykje høgare. Og brukte Sognefjorden som eit hovuddøme: « Å beslutte vindkraft ved innseilingen til Sognefjorden, Norges viktigste turistfjord (Dalsbotnfjellet) viser at reiselivets interesser langt på vei ignoreres».

Dalsbotnfjellet i Gulen kommune er og eit døme på overkøyring av lokaldemokratiet, i fylgje ein grundig reportasje i BT 17.10.2018 «Gulen kan få uønsket vindkraftverk».

Gulen kommune og grunneigarar føler seg ført bak lyset av NVE som har gjeve utbyggingskonsesjon i Gulen til Oslofjord-selskapet Zephyr. Sidan kommunen aldri hadde sagt ja til vindkraft, og hadde oppfatta NVE sine utsagn på tidlegare folkemøte som stadfesting på at dei dermed ikkje var aktuelle: «– Som ordfører opplever jeg at lokalsamfunnet er blitt totalt overkjørt. Du føler deg maktesløs som ordfører når de ikke lytter til kommunen og det store flertallet av grunneiere»

Vår nye olje-og energiminister Tina Bru valde i sin svarreplikk 14.2 «Lettvint om vindkraft» å bruke kjende hersketeknikkar. Som usynlegjering ved å – i motsetning til NHO reiseliv og DNT – ikkje nemne eit einaste konkret døme. Og hevdar – i motsetning til Gulen-ordførararen - at: «Det er i praksis ikke gitt konsesjon til vindkraftprosjekter av denne regjeringen der kommunen har vært mot.»

Øyvind Isaksen i vindorganisasjonen Norwea brukar liknande taktikk i sitt svar 17.2 Han nemner heller ikkje Sognefjorden/Gulen eller andre konkrete døme. NHO reiseliv og DNT sin kritikk blir kalla «en retorisk forenkling». NVE blir skubba fram som sanningsvitne på at det ikkje finst studiar som så langt dokumenterer negative verknader for reiselivet.

Merkelappane «Lettvint» og «Retorisk forenkling» som Bru og Isaksen vil klistre på NHO reiseliv og DN finn vi derimot på Vindportalen, eit samarbeidsprosjekt mellom vindutbyggar-organisasjonen Norwea og Energi Norge. Vindportalen hevdar motstanden mot vindkraft berre er bygd på ei rekke myter.

Der myte nr. 4 er at vindkraft øydelegg for turismen: «Det er ingenting som tilsier at turismen forsvinner på grunn av vindkraftutbygging. Tvert i mot…». Grunngjevinga er på 3 korte generelle setningar…

Som kontrast til denne type «lettvint retoriske forenkling» i Vindkraftportalen kan vi ta forskingsartikkelen «Vindkraft i motvind – Miljøkonsekvensene er ikke til å blåse av» i tidsskriftet Samfunnsøkonomen nr. 4-2019.

Her dokumenterer 7 forskarar frå 5 ulike forskingsmiljø ulemper av vindkraft i høve til både reiseliv og friluftsliv. Det er gjort overraskande lite forsking, men dei har ei rekke konkrete døme både frå inn- og utland. Når det gjeld NVE som sanningsvitne skriv forskarane at NVE skal ha ros for å ha gjort eit heiderleg forsøk på å samanstille kunnskapsgrunnlag. Men NVE sin vindplan
«skriker etter samfunnsøkonomiske analyser og metoder… «Mest bekymringsfullt er et totalt fravær av «miljøøkonomi», «(miljø)verdsetting» «kost-nytteanalyse», eller liknende ord»

Både Bru/OED og Isaksen/Norwea er sjølvsagt godt kjende med forskarsynspunkta og forskinga attgjevne i Samfunnsøkonomen. Deira «usynleggjerande» ytringar i NRK må då tolkast som vilje til overkøyring av alle hindringar for vindkraftutbygging.

Nærast total usynleggjering og neglisjering av innvendingar og verdiar finn vi også i NVE sin presentasjon av Nasjonal rammeplan på NVE sitt årlege vindkraftseminar 3.6.2019. Der svært store området på begge sider av Sognefjorden er avmerka under overskrifta «Konfliktfrie?» Dei store områda, tydelegvis etter mønster av oljeboringskonsesjonar, er karakterisert som «leteareal» der «Egnethet avgjøres i eventuell konsesjonsbehandling».

Resultatet er sjølvsagt at profittsugne vindselskap strøymer til Sognefjord-kommunane i store mengder. Som gullgravarar til Alaska på 1850-talet. Så store mengder og så aggressive at 6 av kommunane rundt Sognefjorden i november skreiv eit skarpt brev til regjeringa (BT 3.11.2019). Der dei bad regjeringa gripe inn mot vindutbyggingsselskapa og respektere kommunane sitt nei.

Frå Tyskland har vi i 2018 og 2019 sett store overskrifter om at den tyske energiomlegginga «Die Energiwende» har slått feil. Vindkraft dekka i 2019 berre 3,6 prosent av den totale energibruken.

Siste to åra nærast kollaps i ny landvind på grunn av ein aukande og innbitt motstand frå vanlege folk. Både mot fleire og større vindturbinar og kraftliner. Bayern vedtok alt i 2014 avstandskrav om 10x møllehøgd til busetnad.

Kvifor er naturen i Bayern/Tyskland meir verd enn Sognefjorden?

Om OED og regjeringa stadfestar NVE sine vindkonsesjonar blir det ei stadfesting av at kommunane rundt Sognefjorden blir sett på som energikoloniar, eit fjordlandskap av liten verdi i seg sjølv.

Når sjølv ikkje Sognefjorden er heilag, er ingenting av norsk natur i prinsippet heilag. Stikk i mot FN sitt varsel om at nedbygging av natur er like stort trugsmål som klimaendringane.

Aksept for vindkraft krav no at departement, direktorat, regjering og vindkraftutbyggarar sluttar å ytre seg på måtar som blir oppfatta grov ned- og undervurdering, ja beintfram rein mobbing i vanleg folkespråk. Mobbing av Verdas beste reiselivsmål, Sognefjorden. Mobbing av kommunar som Gulen og organisasjonar som NHO reiseliv og DNT, som alle vil skape både arbeidsplassar og rekreasjonsverdiar.

Utan å bygge ned våre flottaste fjordar og landskap, verdas beste reisemål!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags