Minne frå 8. mai 1945

MINNE: Dagunn Klakegg deler sine minne frå krigen og 8. mai 1945.

MINNE: Dagunn Klakegg deler sine minne frå krigen og 8. mai 1945. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg var 16 år og 8. mai feiringa i 1945 var den største, eg hadde vore med på. Bygdemann og historikar Albert Joleik
heldt ved middagstid den 8. mai tale til folket frå balkongen til kjøpmann Solheim i Naustdal sentrum.

Han innleia slik: «Då eg høyrde dette i dag, laut eg setje frå meg ei greip inne på Kleppstøla og fare til Naustdals.»

Om kvelden var det fest i Ungdomshuset. Lærar Leif Sørebø frå realskulen las sjølvdikta prolog, basert på Olav den
Heilages ord på Stiklestad: «Eg har levd mange glade dagar i dette landet». Lærar Olav Herstad frå same skulen heldt festtalen. Og Eldbjørg Kleiva las dikt av Nordahl Grieg og Arnulf Øverland og eg trur det var første gongen eg høyrde : Norge i rødt kvitt og blått.

Vi hadde levd i ein slags karantene under heile krigen, ikkje radio og lite aviser så det var stort å bli kjend med dikt
som «De beste» av Nordahl Grieg og «Du må ikke sove» av Øverland. Om ettermiddagen var det eit svært folketog som sang fedrelandssongar.

Krigen var slutt og trass i at mange begrensingar kom vel Naustdal rimeleg bra i frå det, men eg vil nevne fylgjande:
- Isolasjonen: på den tid hadde eg berre vore i Førde til tannlegen og ein gong besøkt familie på Vassenden.
- Tyskarane hadde vi lite kontakt med til vanleg, men den 9. februar 1945 opplevde vi eit luftslag over Naustdal, der
15 fly vart nedskotne.

Vi sat og åt middag og bror min, som var raskast, henta kikkerten og la seg på rygg i snøen, men alle hadde full
oversikt, også uten kikkert. Og ingen hadde vit å søke dekning eller vere redde.

- Vidare vil eg nevne lærarane sin protest mot påbudet om å melde seg inn i Norsk lærarsamband (etablert av Vidkun
Quisling) . Dette resulterte i at skulane vart stengde i heile mars i 1942. Og etter den såkalla «brendselsferien», vart
1100 mannlege lærarar arresterte og 650 deporterte til Kirkenes .

I desse koronatider får eg høyre at du som har opplevd krigen ser vel ein del likheitspunkt?

Isolasjonen kan vere noko av det same, men vi har hittil ikkje opplevd den mangelen på varer og tenester som vi hadde under krigen. Skulane vart stengde men vi borna fekk inga hjelp eller kompensasjon for det. Barn var både under og etter krigen ei privatsak.

Vi hadde heller ikkje noko oljefond så det var opp til den enkelte korleis ein klarte å overleve. Likevel hugsar eg krigstida som nok av sol og sommar i fredelege Naustdal.

Holocaust viste vi ikkje om. Flatbombinga av tyske byar og Hiroshima og Nagaski i 1945, las vi om. Men det var ikkje den verda vi opplevde.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags