Mindre til dei med minst i Sunnfjord kommune

Sindre Hornnes

Sindre Hornnes Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Den 28. mai vedtok kommunestyret i Sunnfjord å ta frå dei som går på sosialstønad barnetrygda. Fleirtalet beståande av Høgre, Senterpartiet og Venstre vel å rekne den med i inntektsgrunnlaget. Det betyr at barnetrygda ikkje lenger når fram til dei som har minst. Ein skal heller i større grad behovsprøve midlar. Medan personar med millionlønn får barnetrygda rett inn på sparekontoen kvar månad, så må dei med minst gå med lua i handa til NAV for å søke om ekstra pengar. Og dette i ei tid der usikkerheita allereie har ramma svært mange.

Det er ikkje synleg, men det er ikkje mindre vondt for dei som står i det. Kirkens bymisjon laga i 2019 ein rapport kalla «snakk om fattigdom».

Her står det om Malin som seier at det ikkje alltid var middag på bordet i oppveksten. Om “Agnes” som seier at ho aldri fekk med seg matpakke på skulen.

Om det å måtte seie nei til å delta i barnebursdagar grunna ein ikkje hadde råd til å kjøpe gåve. Dette er også historier vi kjenner frå Sunnfjord.

Det er difor foreldreutvala ved fleire av skulane våre har tatt grep ved å sette maksgrense for gåver til barnebursdagar, og for at vi har starta med innføring av skulefrukost i vidaregåande, ei ordning vi vil utvide til grunnskulen. Det er også bakgrunnen for at Førde bystyre i 2018 einstemmig vedtok å gje barnetrygda på 13.000 kroner tilbake til dei som mottar sosialhjelp.

Det er fordi ein veit at det kan vere med på å løyse ein vanskeleg situasjon for mange.

Vi meiner at barn og foreldre treng meir tryggleik og forutsigbarheit, ikkje mindre. Med vedtaket vil ein sette fleire foreldre i ein situasjon der ein står mellom å betale straumrekninga, gje sine barn høve til å gå i bursdag eller vere med i organisert idrett. Dette er ikkje ein situasjon som er oss verdig. Sunnfjord kommune kan betre. Vi har som motto å vere ein raus og open kommune. Dette vedtaket viser det motsette. Difor oppfordrar vi i Arbeidarpartiet på det sterkaste at Høgre, Senterpartiet og Venstre tek ei ny vurdering. Det er ikkje for seint å snu!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags