Mindre inntekter til kystkommunane

KUTT: Vi må konkludere med at framlegget frå regjeringa inneber kraftige kutt i inntekter for kystkommunane, sannsynleg også for ein samla kommunesektor, skriv artikkelforfattaren.

KUTT: Vi må konkludere med at framlegget frå regjeringa inneber kraftige kutt i inntekter for kystkommunane, sannsynleg også for ein samla kommunesektor, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevRevidert nasjonalbudsjett 2020 (RNB) inneheld dårlig nytt for kystkommunar og fylkeskommunar med oppdrettsanlegg. I staden for å få 80 pst av auksjonsinntektene for nye løyvingar til oppdrett i 2020/21, som regjeringa anslår til omlag 5 mrd. kroner, vert no overføringane kutta til 2 mrd. kroner over to år. Frå 2022 får dei ei ny årlig produksjonsavgift på 40 øre per kilo laks. Men samtidig skal den lokale og regionale delen av nye auksjonsinntekter kuttast frå 80 til 25 pst.

Regjeringa seier i RNB at dette «vil bidra til å redusere forskjellene mellom havbrukskommunene og andre kommuner og legge til rette for et likeverdig tjenestetilbud på tvers av kommuner».

Helge Eide, KS (kommunesektorens organisasjon)

Helge Eide, KS (kommunesektorens organisasjon) Foto:

Men samtidig vert det gjeve tydelege signal i RNB om at dette er ei inndraging av inntekter frå kystkommunane og fylkeskommunane, ikkje ei ny deling til andre i sektoren:

«Regjeringen viser samtidig til at kommunesektoren i 2020 er anslått å bli kompensert med 5,5 mrd. kroner mer enn beregnet inntektsbortfall og merutgifter for konsekvenser av virus-utbruddet basert på forutsetningene som ligger til grunn for Revidert nasjonalbudsjett 2020».

Desse reknestykka manglar fleire milliardar kroner i tap av inntekt og auking av utgifter for kommunane for å kunne være fullstendige. Og ein vesentleg del av «kompensasjonen» er at Finansdepartementet gjer eit overslag på ein løns- og prisvekst i år som i teorien skal spare kommunesektoren for milliardar. I beste fall er desse innsparingane hypotetiske. Sannsynleg er dei umulig å realisera i det omfanget regjeringa meiner.

Vi må konkludere med at framlegget frå regjeringa inneber kraftige kutt i inntekter for kystkommunane, sannsynleg også for ein samla kommunesektor. Difor har KS eit klart syn: Delen av inntektene frå lakseoppdrett som går til kommunar og fylkeskommunar må ikkje reduserast, verken i 2020 eller seinare.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags