Hurra for dei som ryddar etter oss alle

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevDet er fantastisk å sjå engasjementet for rydding av plast og anna søppel i heile fylket no. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane oppmodar alle om å bruke sekkane til Kystlotteriet og vere med på trekkinga av fine, miljøvennlege premiar. Sekkar og lodd ligg på alle grøne punkt og i resepsjonen til kommunehusa.

Naturvernforbundet har inngått eit nært samarbeid med SUM og dei andre miljøverka, slik at sekkane og lodda vert henta og søppelet hamnar der det skal. Meld ryddeaksjonane inn på nettsida til Hold Norge Rent – rettleiinga ligg på heimesida til SUM. Det er viktig for å få ein oversikt over kor det er rydda, kor mykje ein har funne og i tillegg kan ein her legge inn kor det er trong for ein ryddegjeng. Kor mykje klarer vi å rydde i Sogn og Fjordane i løpet av året?

Vi har allereie fått inn ein del premiar, både pengar og opplevingar som padlekurs, konsertbillettar, fiskekort, middagar, hotellopphald med meir, men vi treng fleire. Vi tykkjer at dei som ryddar for oss alle fortener litt meir enn ein klapp på skuldra. Nokre skuleklassar kan vinne tilskot til klassetur, andre kan få ei oppleving dei elles ikkje hadde tenkt over eller visste om. Alle lodda går til slutt med i den store, nasjonale trekkinga i november.

Både næringsliv og kommunar har interesse av at naturen rundt oss ikkje er tilgrisa, at kyr ikkje får i seg metall og at fugleungar ikkje vert mata med små plastbitar. Vi treng fleire premiar, slik at sjansen for å vinne vert større. Alt miljøvennleg set vi pris på, ein frisørtime, fotografering, kurs i ville vekstar, museumsbillettar – lista er like uendeleg som mengda av plast i naturen.

Men forbruksvarer vil vi ikkje ha.

Vi las nyleg i Firda at Førde sentrum også flyt av plast. Kystlotteriet handlar ikkje berre om kysten. Det handlar om å rydde langs kvar minste vesle bekk og sti, i grøftekantar og blomsterbed.

Enkelte åtvara mot plastikk allereie på 70-talet. Vi menneska er dessverre ganske treige, og har lett for å tenkje at det vi ikkje ser, det finst ikkje. Det måtte ein kvalmage full av plast til for å vekke oss. Ikkje lat oss sovne att! Lat oss halde fram og stoppe kjeldene til all forsøplinga også. 

Marit Bendz

fylkessekretær i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Førde

Følg på: Facebook

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags