Vi har ikkje gitt opp kampen

Av
DEL

LesarbrevHeia ungdommane våre som ikkje vil gje opp kampen, heia Frida Leknes, heia Natur og Ungdom, heia ungdomsopprøret.

Ungdommane og borna våre må lure på kva vi vaksne driv på med. Vi kan ikkje gløyme Førdefjorden, skriv Frida Leknes fylkesleiar i Natur og Ungdom i Firda. Frida spør kven som skal ta ansvar når partia som er valde inn ikkje gjer det. Ho skriv om politikarar som stretar i mot og lokalbefolkning som tenkjer at dette er ei tapt sak.

Frida har heilt rett. Vi vaksne må stå fram og vise ansikt og gje motstanden mot fjorddeponi eit ansikt og ei stemme. Ungdommen treng fleire politikarar som tek ansvar for framtida og fleire vaksne som ikkje gjev opp kampen.

Vi foreldre er jo litt rare. Her puttar vi hjelm på ungane når dei skal sykle rundt i gata utanfor husa våre, vi tek alltid på dei bilbelte i bil og redningsvest i båt. Vi gjer det fordi vi er redde for at det skal skje dei noko, for ungane våre er det kjæraste vi har.

Samstundes som vi held på slik og beskyttar ungane våre så er vi vaksne med på å øydelegge framtida til dei same ungane. Vi gjer det fordi vi ikkje klarer å snu, eller stoppe opp klimaendringane. FN sitt klimapanel seier i sin rapport frå oktober 2018 at klimagassutsleppa må reduserast med om lag 45 % innan 2030. Vi er i dag i 2019, det er berre 11 år att til 2030, men har vi starta jobben?

For ikkje å snakke om kva vi lærer ungane våre? Vi lærer dei å resirkulere, vaske og brette drikkekartongar, vi snakkar om kjeldesortering, vi ber dei om å ikkje kaste boss i naturen, i alle fall ikkje boss i fjorden. Samstundes har lokale og nasjonale politikarar gått inn for eit gruveprosjekt i Vevring, der vi skal dumpe eit heilt fjell i fjorden. Dette vil ha store konsekvensar for livet i fjorden. Kan dette henge saman? Korleis skal ungane våre tru på at små ting verkar, når vi vaksne gjer vedtak som øydelegg naturen. Vi veit at det nesten ikkje er liv på botnen av Jøssingfjorden sjølv 30 år etter at fjorden sist vart brukt som deponi for gruvedrift, korleis kan vi då tru at det går betre i Førdefjorden? Bør ikkje føre var prinsippet i naturforvaltninga gjelde både i Repparfjorden og Førdefjorden?

Dei som er for fjorddeponiet argumenterer med at fjorddeponiet er den mest miljøvennlege måten å deponere avgangsmasse frå gruvedrifta. Dersom fjorddeponiet med dei konsekvensane det har for miljøet er det mest miljøvennlege ein kan finne på, så må ein spørje seg om det er verdt dei arbeidsplassane gruva gjev. «Kor mange arbeidsplassar er ein død fjord verd?» spør Natur og Ungdom. Dersom det vert slik at verken mine born, eller deira born skal kunne fiske eller bade i Førdefjorden fordi vi skal dumpe 250 millionar tonn gruveavfall i fjorden i 30 år, er det verdt det? Eg seier nei. Viss det er prisen vi må betale, så seier eg skit i det. Då må vi finne på noko anna. For er det slik at alt håp i Naustdal forsvinn utan desse arbeidsplassane? Er det slik at Vestland fylke og Noreg er heilt avhengig av nettopp desse arbeidsplassane? Viss ikkje svaret er eintydig ja til det, då bør vi vente med å ta i bruk gruva til vi har ei betre og meir miljøvennleg løysing på avgangsmassen. Minerala forsvinn ikkje, dei kan vente. Har vi først byrja å fylle Repparfjorden eller Førdefjorden med fjellmasse, er det game over. Då er det ikkje mogeleg å snu. Det er difor viktig at vi kjempar no og at vi snur før vi kjem dit.

Eg ønskjer å stå saman med ungane våre i kampen for ei betre framtid. Eg ønskjer ein rein Førdefjord som vi kan fiske pale, torsk og makrell i. Eg ønskjer at fjorden skal vere rein heile vegen frå Førde, via Naustdal, ut til Askvoll og Flora.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags