Plastsortering

SORTERING: – For meg verkar innsamling av plastsøppel lite gjennomtenkt, då all plastemballasje frå matprodukt set lukt på plastavfall, vil dette vere stadar kor fuglar/dyr vil oppsøke og leite etter mat, skriv Ottar Rong om sorteringa Sunnfjord Miljøverk innførte nyleg.

SORTERING: – For meg verkar innsamling av plastsøppel lite gjennomtenkt, då all plastemballasje frå matprodukt set lukt på plastavfall, vil dette vere stadar kor fuglar/dyr vil oppsøke og leite etter mat, skriv Ottar Rong om sorteringa Sunnfjord Miljøverk innførte nyleg. Foto:

Av

– Det må finnast betre måtar å oppbevare plastsøppel i, elles bør ikkje denne ordninga fortsette.

DEL

LesarbrevEtter all snøen som kom no i januar var eg ein tur og måka bossplassen der alle avfallsdunkar til burettslaget står. 

Under måkinga dukka det opp plastflasker og anna plastsøppel.

Etter eg såg nærare etter, såg eg plastsekkar som hang på papirdunkar med store hol i. Desse hola var mest sannsynleg laga av fuglar/kråker.

Plastsøppelet hadde spreidd seg utover over plassen og låg for det meste under snøen. 

Noko av plasten hadde kanskje tatt turen med plast-«fuglen», kanskje hadde vinden fått spreie noko utover.

Kan ikkje sjå at tiltaket med innsamling av plastsøppel på denne måte skal vere til gode for miljøet.

For meg verkar innsamling av plastsøppel lite gjennomtenkt, då all plastemballasje frå matprodukt set lukt på plastavfall, vil dette vere stadar kor fuglar/dyr vil oppsøke og leite etter mat.

Dette vil resultere i meir plastsøppel som vil finne vegen ut i naturen ved hjelp av fuglar og dyr.

Det må finnast betre måtar å oppbevare plastsøppel i, elles bør ikkje denne ordninga fortsette.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags