Næringa som sikrar framtida di

MDG Mark Taylor vil sikre deg vidare velferd med gjennomgripande endringar i næringslivet.

MDG Mark Taylor vil sikre deg vidare velferd med gjennomgripande endringar i næringslivet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDu opplever endå ein vindfull og regntung sommardag, les om ras på fylkesvegar og om bønder som slit med slåtten. Du veit at global oppvarming vil føre til meir ekstremvêr og styrtregn på Vestlandet, samt matmangel og millionar av menneske på flukt rundt om i verda.

FN sitt klimapanel seier at klimagassutslepp må nær halverast innan 2030, men du bur i Vestland, eit fylke der 48 prosent av klimagassutsleppet kjem frå olje- og gassindustri! Det er openbert at vi treng ei dramatisk omstilling av næringslivet tidsnok til å stoppe øydeleggingane som følgjer med global oppvarming.

Miljøpartiet Dei Grøne vil at Vestland skal vere eit nullutsleppsfylke, og levere i samsvar med 1,5-gradersmålet. Overgangen frå fossil til fornybar energi, nullutsleppstransport og grønt næringsliv, vil skape nye arbeidsplassar for høgt kompetente arbeidstakarar og verksemder innan olje- og gassindustrien, t.d. med ei storskala utbygging av havvind. Vi vil oppretta eit omstillings- og utviklingsfond for å setje fart i arbeidet med å omstille oljerelaterte næringar og sikre at fylket sine regionale utviklingsmidlar styrkjer næringsliv som arbeider for omstilling til det grøne skiftet og ei berekraftig utvikling.

Som klimastreikande ungdom har forstått, har vi ikkje tid til å vente på at utbygging av havvind og utvikling av andre teknologiske løysingar erstattar energitapet ved ei gradvis utfasing av petroleumsverksemd over 15 år. Dei Grøne vil ikkje ofre urørt natur for landbasert vindkraft eller ha dumping av gruveavfall i fjorden for å møte energibehovet. Dei enorme kutta, 5018 tonn CO2 ekvivalentar kvar dag fram til 2030 for heile Noreg sin del, krev ei næring og eit samfunn som gjennomfører omfattande reduksjonar i forbruk, forureining og transport innan kort tid.

Dette krev radikale endringar i norsk politikk -ein grøn økonomi i balanse med naturen som føreset at vi forlèt eit bruk- og kast-samfunn til fordel for ein krinslaupsøkonomi der ressursar vert sett i sirkulasjon. Til dømes, at bioavfall frå havbruk og landbruk skal resirkulerast eller nyttast til biodrivstoff som kan vere ein del av den utsleppsfrie løysinga innan maritim sektor.

Vi vil stimulere berekraftige, samvirkebaserte verksemder som tek utgangspunkt i lokale og regionale ressursar. Vi vil betre vilkåra til bønder og fiskarar som ynskjer å selje frå eigen produksjonsstad, leggje til rette for fleire lokale fiskemottak, stø foredling av lokal mat og fremje nyetablering av bedrifter innan gjenbruk, reparasjon og vedlikehald.

Vi vil arbeide for ei kraftig avgrensing i talet på cruiseskip og støtte prosjekt som gjev meir berekraftig, naturbasert turisme i heile regionen. Vi vidarefører insentivordninga med gratis bompassering for tyngre el-varebil, lastebil og trailer, også når elektriske personbilar betaler bompengar, og prioriterer rassikring for å betre tilhøva for næringslivet og sikre trafikkflyten.

Ungt Entreprenørskap – med strengare retningsliner som stiller krav til berekraft – kan vere eit godt tiltak for å gje fylket eit grønare næringsliv. Vi vil sikre alle yrkeselevar læreplass ved å krevje at verksemder som vinn offentlege anbod opprettar lærlingplassar.
Fylkespolitikken må bidra til økonomisk berekraft i landbruket. Vi vil arbeide for at støtta til landbruket vert lagt om, slik at utslepp vert redusert, men inntektsnivået halde oppe. Dei Grøne vil stansa utbygging på matjord og arbeide for å sikre vestlandsbonden gode rammevilkår med meir rekruttering og optimisme i næringa.

Oppdrett er den nest største eksportnæringa i Noreg, men næringa påfører samfunnet store tap i form av ureining av fjordar og økosystem, eit trugsmål mot sjøaure og villaks. Det må stillast klare krav til oppdrettsnæringa som hindrar ureining, rømming og utslepp av lus, samt krav til betre fiskevelferd. Alle nye konsesjonar skal gjevast berre til lukka anlegg og alle opne oppdrettsanlegg skal gjerast lukka innan 2025.

Noreg står føre eit vegskilje der langsiktig tryggleik, fridom og velferd for alle står på spel. Ei storstilt omstilling av næringslivet vil sikre deg og dine ei framtid, men det krev tøffe tak. Miljøpartiet Dei Grøne Vestland er klar til å vri om næringa vår til beste for menneske og miljø. Målet vårt er eit samfunn der vi kan leve gode liv utan å øydeleggje for andre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags