Vindkraft - Svar til Leikny Dale

TURTERRENG: Irmelin og Tuva på Langevassøyrane - Hyllestad kommune.  Her er det i dag fine moltemyrer og fint turterreng både på ski og til fots.

TURTERRENG: Irmelin og Tuva på Langevassøyrane - Hyllestad kommune. Her er det i dag fine moltemyrer og fint turterreng både på ski og til fots. Foto:

Av
DEL

LesarbrevLeikny Dale, det ser ikkje berre ut som om din eigedom blir råka ut frå NVE sine kart om vindkraftutbygging. Zephyr og BKK har jo alt meldt si interesse for oppkjøp, eller leige, som dei så fint seier!

Ja, det er eit kvefsebol av meiningar når det gjeld utbygging av vindkraft – og det er på tide. Så å seie alle parti på stortinget har applaudert vindkraftutbygging sidan Ola Borten Moe la ned ein viktig grunnstein i juni 2011. No er motstanden heldigvis veksande, men kanskje og litt forvirrande, når folk flest oppdagar at vi ikkje har kunne stole på politikarar og enkelte miljøvernorganisasjonar, og at dei ikkje har villa oss det beste? Og der har kanskje du vore ein av politikarane?

På møtet i Guddal, som du refererer til, gjekk Elisabeth Dahle frå FNF gjennom korleis NVE hadde komme fram til område eigna for vindkraft. Ho peika på fleire manglar ved utgreiingane til NVE, og ho sa som rett er at Lutelandet er ikkje medteke i område 19. Når det gjeld møtet på Yndestad Gard i regi av BKK og Zephyr, så var det eit møte som var så langt frå generell informasjon som det går an å komme. Møtedeltakarane vart jo oppmoda om å samle seg etterpå for å finne ut kva dei kunne tenkje seg som kompensasjon for utbygging. Kunne t.d. både få gapahuk og lys, slik dei hadde fått på Stord. Synest at Zephyr og BKK burde ha vore langt meir generelle.

Dei reiser rundt og lokkar med pengar, før høyringsfristen går ut. Dei kjem både kommunen og innbyggjarar i kommunen, som no kan nytte seg av allmennretten, i forkjøpet. Zephyr hadde på Guddal eit vel utarbeidd foredrag. Det var ikkje alt dei sa som stemde, og mykje var utelate, t.d. er ikkje eigedomsskatten sju promille lenger. Dei tok heller ikkje med at det er avskrivingsreglar på vindturbinane. Det finst heller ingen dekning på å love 13 arbeidsplassar, det må i så fall vere heile område 19. Eg vil ikkje kalle det for generell informasjon at dei som er på møtet får høyre at dei bør kjenne si samfunnsplikt og tenkje på at cruiseskipa treng landstraum og at Stavanger i nær framtid vil trenge mykje straum. For dei som ikkje har fått det med seg, blir det sett opp ein del turbinar i Stavanger-området også, og Noreg har overskot på kraft.

På Yndestad vart det synt to bilde. Eit av vindturbinar langt borte i lett overskya vêr, og delar av ein veg med smilande joggarar. Det kan vel ikkje vere generell informasjon? Zephyr/BKK slo om seg med positive omgrep som « Det grøne skiftet, grøn og miljøvenleg energi og vindpark» – fint å skjule seg bak dette, når det dei eigentleg skal, er å bygge industri i tidlegare urørt villmarksprega natur. Slik vi har det i dag har vi strenge restriksjonar mot motorisert ferdsel i utmark og strenge krav ang. dyrking av myr, men storindustri skal plutseleg vere greitt? Zephyr nemnde rett nok at dei trengde minimum seks meter brei veg, men dei sa ingen ting om usikra skjeringar og fyllingar.

Zephyr tok heller ikkje med det faktum at utbygging av vindindustri gjer store miljøøydeleggingar i Mongolia ved utvinning av neodymium, barnearbeid ved utvinning av kobolt i Afrika, cement, stål og glasfiber tilverka hovudsakleg ved hjelp av kolkraft. At det går med store mengder olje i vindturbinane, og under anleggsarbeidet. At rotorblada er verken nedbrytbare eller gjenvinnbare og at dei må skiftast etter om lag 20 år. Det såg idyllisk ut å jogge blant turbinane på sommarstid, men på vinterstid er det jo direkte farleg å vere i eit område med vindturbinar på grunn av iskasting.

Leikny Dale, du burde ha lytta til argumenta som gjekk mot utbygging av vindkraft alt på 2000 talet, då det vart jobba for å få i gang vindindustri på Lutelandet. Om du ikkje gjorde det då, håpar eg at du startar med det no. Eg forventar at folkevalde i alle politiske parti i Hyllestad tek avstand for å sette i gang med vindkraft. Blir NVE sitt forslag ståande, og utbyggjarar syner si interesse (og det kjem dei til å gjere), sit vi berre att med Lifjellet og fjordområda, samt ytst i Skifjorden som blir fritt for vindkraft. Å ta vare på naturen er den beste tenesta Hyllestad kommune kan gje sine innbyggjarar. Det er ein av hovudgrunnene til at vi bur her.

Berre det å hamne i område 19 har for meg vore ei belastning, det same gjeld å bli utsett for Zephyr og BKK si marknadsføring og salsmøte på Yndestad Gard. Leikny Dale, du bør ta kjenslene til dine sambygdingar på alvor. Ikkje sette dei til sides for nokre lusne kroner. Vi har ingen ting att for å satse på vindindustri, landskapet blir øydelagt for alltid, det vil gå ut over menneske, insekt, fuglar og dyr. At Hyllestad kommune tek vare på naturen er heilt i tråd med FN sin rapport om at tap av urørt natur er ein større trussel enn klimaendringane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags