Svar til Leikny Dale om vindkraft, informasjon og tilgjengeleg informasjon

Av
DEL

LesarbrevNår det gjeld kva som har vore av møte om dette, så har det vore fleire møte i ulike bygdelag som Zephyr/BKK har halde med informasjon om selskapet, klima og vindkraft for ein del grunneigarar i desse områda. Det har vore ope møte med informasjon om vindkraft også på Sande 12. juni, der Zephyr også var til stades og heldt innlegg.

Så til informasjon og kva du har fått med deg og ikkje fått vite nok om. I mitt innlegg viste eg òg til hovudsida til NVE om nasjonal ramme for vindkraft på land, der finn du all offentleg informasjon frå NVE om nasjonal ramme for vindkraft på land så langt. Eg viste òg til eit seminar om vindkraft som FNF arrangerte i Førde 22. mai, der tema relatert til vindkraft som klima og klimaeffekt og klimaløysingar, naturmangfald og om juridiske rammer og sosiale sider, og at det heile er tilgjengeleg på film via vår nettside, samt tre av presentasjonane som vart haldne. Alle av framifrå fagfolk innan tema og kommentert av regionale og nasjonale politikarar frå fylket.

Det er såleis mogleg å finne utfyllande informasjon frå fleire hald om dette er ønskeleg. Gaular kommune vil arrangere eit ope og balansert møte om vindkraft 14. august, dette viste eg til, samt at ordførar i Hyllestad informerte om møte hjå dei 2. september.

Lutelandet ligg i eit område som Miljødirektoratet og Riksantikvaren ekskluderer i sin rapport om faglege eksklusjonar i den tredje eksklusjonsrunden i arbeidet med nasjonal ramme for vindkraft. Det var dette eg viste til, og at fleire område i tillegg til Lutelandet har fått tildelt konsesjon, sjølv om desse områda no er føreslått ekskludert av naturfaglege og kulturminnefaglege grunnar. Eg løfta problemstillinga om at det bør vere avbøtande og kompenserande tiltak mot at område som såleis helst ikkje burde fått konsesjon likevel har fått dette.

Sveinulf Vågene skal få svare sjølv, men eg vil minne om at han viste grundig i sin presentasjon kva for område som utifrå gode vindforhold vil vere aktuelle område der utbyggarar vil kunne ønske å bygge ut. Inntil eit selskap melder inn ønske om konsesjonssøknad for eit konkret område til NVE, er saka ikkje offentleg, og kan ikkje opplysast om frå offentlege etatar som kommune eller NVE. Dette gjer prosessane lite opne og lite demokratiske, slik Høyanger kommune tek opp i sitt brev til OED, og som eg viste i sin heilskap under innlegget mitt i møtet i Guddal.

Heile presentasjonen til NVE og den eg heldt frå FNF ligg tilgjengeleg på heimesida til FNF Sogn og Fjordane. Voner dette klara opp i nokre feiltolkingar, og at du finn fram til utdjupande informasjon som eg igjen viser til.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags