Lytt til unge aktivistar

Men det at dei unge reagerer, er positivt, så får vi vaksne skamme oss, eller late det vere. Men lytte til dei unge skal vi, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå skulestreiken i Førde tidlegare i år.

Men det at dei unge reagerer, er positivt, så får vi vaksne skamme oss, eller late det vere. Men lytte til dei unge skal vi, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå skulestreiken i Førde tidlegare i år. Foto:

Av
DEL

LesarbrevNår nokon spør meg om eg er uroa over klimasituasjonen, brukar eg svare at; nei, no er eg optimistisk, av di så mange no ser ut til å få opp auga. Der er aksjonar over heile verda, spesielt unge menneske aksjonerer.

Sjølvsagt er det ingen grunn til å senke skuldrane før ein ser handling og reell forandring. Men det at dei unge reagerer, er positivt, så får vi vaksne skamme oss, eller late det vere. Men lytte til dei unge skal vi. Dei har skjøna alvoret. Reaksjonane dei møter er då også i all hovudsak positive, sjølv om nokre freistar å spore av debatten med spørsmålet om dei unge skal aksjonere i eller utanom skuletida.

Men det er også somme vaksne som ikkje anerkjenner desse unge aktivistane. Eg har høyrt ytringar som går i retning av at nettopp det at dei er så unge, diskvalifiserer dei. – komme her og fortelje oss kva vi skal gjere .... Dei veit ikkje kva dei snakkar om. Dei er jo berre barn!

Tenk dykk om de som seier slikt. Nokre av dei unge leiarane har teft, dei har oversikt og stor forståing av eit problem, nokre sikkert også faktakunnskap – i tillegg til engasjement. Dersom det handla om eit «vedunderbarn», til dømes eit stort musikktalent. Ville du då avfeie det grunna ung alder? Eller eit idrettstalent eller sjakktalent? Han er god i sjakk, ja, men han er jo så ung. Vi kan ikkje ta han på alvor. Eg meiner ei slik samanlikning kan vere relevant.

Men her handlar det jo ikkje berre om til dømes Greta Thunberg, men også om dei mange «rævediltarane». Alle dei som følger etter utan å heilt å vite kva saka handlar om, og kan hende likar ein annleis skuledag, ein dag med skulestreik. Heller ikkje desse skal vi underkjenne. Nokre av dei vil hente seg kunnskap etter kvart og undervegs. Og alle har dei engasjement, for alle har fått teften av eit stort problem, nemleg klimakrisa. Kall det gjerne klimaproblema.

Eg hugsar sjølv frå min grøne ungdom ein spesiell sak som var langt framme, nemleg Vietnamkrigen. Vi visste vel nokså omtrentleg kvar på kartet Vietnam låg, og ikkje var vi medvitne om veldig mange tal og fakta. Men vi fanga opp eit engasjement over noko stygt og urettvist som gjekk føre seg ein stad i verda. Noko som måtte stoppast. No er det noko anna som er på ferde, noko som vil kunne råke oss alle saman. Noko vi må gå saman om å stanse, gamle som unge. Hurra for dei unge aksjonistane!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags