– Eg hadde håpa å kunne bu og arbeide i ein kommune som såg verdien av å ta vare på miljøet, ikkje berre pengar

Melinda Tefre

Melinda Tefre Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevSom eigar og dagleg leiar av Floke Jølster som er ein grøn frisør, er eg opptatt av miljø og helse. Floke er Norges første allergi og miljøvennlege frisørkjede. Verdiane til ein Floke salong er å vere helsevennleg og miljøvennleg, igjennom alle ledd, frå produkt til sal, til kva vaskeprodukt ein brukar på golv og kva som renn ned i vasken.

Det er eit stort engasjement rundt sortering i salongane, der ein sorterer det meste. Eg er så heldig som får sortere plast, papp og isopor hjå Spar. Hadde eg hatt matavfall og håravfall og, hadde eg rett og slett ikkje hatt restavfall i det heile.

Privat har eg ikkje vore like flink då det ikkje er tilrettelagt for mykje sortering. Men etter det store fokuset på plast som flyt rundt i havet vårt og at Sunnfjord Miljøverk (SUM) ikkje har tru på at innbyggarane kan sortere, har vi i heimen begynt å samle opp plasten vår og køyrer det ut i Hesjedalen. Kvart år hamnar åtte millionar tonn plast i havet vårt. Mykje av dette kan ein ikkje sjå då det er snakk om mykje mikroplast. Vi som fiskeetarar får i oss 11.000 mikroplastpartiklar i året, det blir forska mykje på korleis dette påverkar kroppen vår, ein har funne kreftceller i ung fisk som ikkje har noko anna føresetnad for å ha det p.g.a mikroplast. Mikroplast finn ein i mange av våre produkt i kvardagen, som såpe, kosmetikk, sjampo osv. Det skal ikkje så mykje til å bytte ut desse varene, som vi skyl ut i vasken vår. Vi må begynna å sjå heilskapen på det vi gjer, det vi hiv ifrå oss hamnar på ein eller anna måte på matfatet vårt. Anbefaler alle å sjå dokumentaren Havet og plastmysteriet på NRK.

På tur med Reno-norden på oppdrag for sunnfjord miljøverk. Mange av dunkane er heilt nedsnødde og vert dermed ikkje tømt før over nyttår. Det kan være både helsefarleg og forseinkande å slite fulle dunkar over brøytekantar.

Med på turen er Svein Kåre Akse (med stor jakke) og Czeslaw Cozac (med briller) 
TAGS boss søppel bossbil avfall container innsamling resirkulering  SUM

På tur med Reno-norden på oppdrag for sunnfjord miljøverk. Mange av dunkane er heilt nedsnødde og vert dermed ikkje tømt før over nyttår. Det kan være både helsefarleg og forseinkande å slite fulle dunkar over brøytekantar. Med på turen er Svein Kåre Akse (med stor jakke) og Czeslaw Cozac (med briller) TAGS boss søppel bossbil avfall container innsamling resirkulering SUM Foto:

SUM er skeptiske til nytteverdien av å oppgradere kjeldesorteringa. Dagleg leiar meiner det er betre å brenne matavfall saman med restavfall enn å sortere og kompostere det. Han meiner og det ikkje er meir miljømessig og samfunnsøkonomisk rett å sortere matavfall. I Sogn og Fjordane sorterer alle kommunane meir enn det SUM kommunane gjer.

Nordfjord Miljøverk seier det motsette av det SUM seier. Dei sparar pengar, seier det ikkje fører til auka transport og at det miljømessig er den beste ordninga. Statens forureiningstilsyn ser helst at mest mogleg avfall blir behandla som ein ressurs og omdanna til for eksempel kompostjord eller energi. I Voss kommune, mi heimbygd, var eg vand med å sortere, der køyrer dei restavfall og matavfall i same bil, og plast og papp i same bil, der bilen har to avlukk. Dette har fungert i mange år.

I dag er vi veldig opplyst over kva avfall gjer med miljøet vårt. Kvifor ikkje då opne auga meir og legg vekk tankane om at det skal vere på den billigaste måten. Det er faktisk snakk om naturen vår. Vi kan ikkje kjøpa ny natur på eit blunk, bruk heller pengar på å bevare det vi har. Eg hadde håpa å kunne bu og arbeida i ein kommune som såg verdien av å ta vare på miljøet og ikkje berre verdien av å spare pengar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags