Eventyret om politikarane som ikkje kunne sjå bilar

TRAFIKKVEKST: Førde-trafikken vil auke på, og utan ny fleire gater fram mot 2040 vil det bli lange køer i rushtida, viser ny analyse.

TRAFIKKVEKST: Førde-trafikken vil auke på, og utan ny fleire gater fram mot 2040 vil det bli lange køer i rushtida, viser ny analyse. Foto:

Av
DEL

MeiningarDet var ein gong ein liten by i eit lite land langt mot nord. Byen låg vakkert til mellom harmoniske fjellformasjonar. Ei vakker elv slynga seg gjennom landskapet og rann roleg gjennom byen

Men inne i byen var ikkje alt like roleg og vakkert. For byen var full av bilar. Alle stadar var det  bilar. Rundt alle handelshusa og butikkane, langs alle fortauskantar, på alle parkeringsplassar og opne plassar var det fullt av bilar. I tillegg gjekk fleire sterkt trafikkerte gjennomgangsvegar gjennom byen. Det var heller ikkje parkeringsavgift i byen, difor tok unødig mange med bilen inn i byen.

Menneska som budde i byen var frustrerte. Dei syntest det var alt for mykje bilar i byen. At heile byen var dominert av bilar. Mange var så frustrerte at dei skreiv lange lesarinnlegg i lokalavisa for å synleggjere misnøya si. Fleire teikna til og med kartskisser som viste korleis ein kunne legge dei mest trafikkerte vegane utanom bykjernen. Det kom fram mange kreative forslag. Mellom anna om tunnelar både rundt byen og under byen slik det har blitt gjort i mange andre byar.

Men sjølv om politikarane i byen var velmeinande menneske som ville det beste for innbyggjarane, verka det som om dei ikkje såg alle bilane og dei problema biltrafikken skapte.

Dei heldt fram med å bygge nye bilvegar. Av ein eller anna mystisk grunn såg dei ikkje at byen allereie var full av bilar.

Akkurat no prøvde dei å bygge ei ny bilbru rett framfor det store kulturhuset i byen. Mange av innbyggjarane meinte at brua  ville føre til endå meir biltrafikk inne i byen. – Bygg heller ei gang- og sykkelbru. Det er mykje meir tenleg, sa mange. – Vi er trass alt ein sykkelby.

Ein dag. kom det ein omreisande vismann til byen. Han la sjølvsagt merke til det vakre landsskapet rundt byen. Men då han kom inn i byen blei han sjokkert.

– Det er så mange bilar her. Heile byen er full av bilar. Eg har aldri før sett ein liten by med så mange bilar, tenkte han då han kom inn i sentrum av byen

Folk han snakka med var svært frustrerte. Då dei fortalde han om planane for endå fleire bilvegar og bilbruer, skjøna han kva som hadde skjedd med politikarane i byen.

- Dei stakkars politikarane er råka av noko som heiter selektivt syn. Utan å vere klare over det ser dei ikkje problemet. Dei ser heller ikkje den eigentlege årsaka til problemet fordi det er litt for ubehageleg å ta fatt i det. Dermed vil dei ikkje innsjå at det er eit problem, tenkte vismannen der han stod midt i sentrum omringa av bilar.

- Dette er noko som skjer med mange politikarar, og det er mange årsaker til at det skjer. Det kan vere at dei er utsette for stort press frå ulike pressgrupper og kommersielle aktørar. Det kan handle om at dei har vore i politikken lenge og ikkje orkar å sjå alt dei burde ha gjort noko med. Eller at eit problem har vore der så lenge at dei rett og slett ikkje legg merke til det lengre, oppsummerte vismannen for seg sjølv.

- I små byar er det svært vanskeleg å vere politikar, for byane er oftast bygde opp av kommersielle aktørar som kjenner politikarane. Difor er det ofte både vanskeleg og ubehageleg for politikarar å gjere endringar – å gå til kjernen av problema. Eg må prøve å hjelpe dei stakkars politikarane, tenkte vismannen. Han hadde sett det same i mange andre byar, og visste difor kva som kunne kurere politikarane.

- Dei må hjelpast til å gjenoppdage problemet. Å sjå det på ny. I dette tilfellet treng dei å sjå ein bil i eit anna miljø enn dei vanlegvis ser bilar. Ein stad der den blir ekstremt synleg. For når ein over lengre tid berre ser store mengder bilar på parkeringsplassar og i bilkøar, sluttar ein til slutt å legge merke til dei.

Dagen etter leigde han seg difor ein bil og plasserte den midt på golvet  i den store hallen under det nye rådhuset i byen. Det var dermed umogleg å ikkje legge merke til den.

Då politikarane skulle på bystyremøte den ettermiddagen kunne dei sjølvsagt ikkje unngå å legge merke til bilen. Dei blei ståande lenge og sjå på bilen. Alle undra seg på kvifor bilen stod der og kvifor den plutseleg blei så synleg for dei. Dei merka at det skjedde noko med dei, men forstod ikkje der og då kva det var. Under møtet fekk dei problem med å konsentrere seg. Den mystiske bilen dukka opp i deira indre heile tida.

Etter møtet skjedde det noko merkeleg med alle politikarane. Då dei kom ut, såg dei bilar over alt. Først trudde dei at dei såg syner. Men så oppdaga dei at det dei såg var verkeleg. At heile byen var full av bilar.

Dei hadde blitt i stand til å sjå  bilar igjen og hadde ikkje lengre selektivt syn. Der og då gjekk det opp for dei kva som hadde skjedd i byen deira, og kvifor det hadde blitt slik.

Då vismannen besøkte byen ei tid seinare var alt annleis. Politikarane hadde gjort om på alle gamle planar om nye vegar og bilbruer inne  i byen. Dei trafikkerte gjennomgangsvegane gjekk no i tunnelar utanom bykjernen. Det var òg innført parkeringsgebyr. Dette gjorde at mange fleire let vere å ta med bilen når dei skulle til sentrum

I tillegg var det laga fleire gang- og sykkelstiar og fleire grøntområde. Det var bygd gang- og sykkelbru i staden for bilbru over elva framfor kulturhuset. Byen hadde blitt mykje fredelegare, vakrare og meir menneskevenleg.

Dersom du lurer på kvar det blei av den omreisande vismannen, så seier ikkje dette eventyret noko om det. Men han er truleg på veg til ein annan by der politikarane har problem med å ta fatt i dei eigentlege problema. For det finst  mange byar med politikarar som har selektivt syn av eit eller anna slag.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags