Plastkval-vekkaren

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I helga vart det sett opp plakett på Sotra om gåsenebbkvalen som døydde med magen full av plast. Dette fell saman med at Stortinget startar behandlinga av Avfallsmeldinga frå regjeringa. Der vert det lagt opp til ein eigen strategi mot plast-ureining.

Men strategien er tam, og innheld framlegg om å «vurdere og å utgreie». T.d. når det gjeld bruk av lette plastposar, så vil regjeringa at vi skal tilpasse oss EU sitt regelverk med reduksjon til 90 per person innan 2019 og 40 innan utgangen av 2025. Og dei vil at det skal skje gjennom bransjen sitt eige initiativ til å ta meir betalt for plastposane.

Viss ikkje vi klarer noko så enkelt som å forby bruk av plastposar innan eit bestemt årstal, så skal det neimen ikkje bli lett å gjere andre nødvendige, men påkrevde, tiltak innan avfallsreduksjon og ureining.

Kven skal forresten sjekke at vi brukar berre 40 plastposar i året? Og kor mange skal sysselsettast med å styre det miljø-fondet plastposeavgifta skal gje?

Når fleire land, både i Europa og i Afrika, klarer å innføre plastposeforbod, så må jammen Norge klare det også!

Motivasjonen må vere kjempehøg med den lange kystlina vi har og det medfølgjande store ansvaret for å ta vare på marine havområde. Også når vi veit at kostnadane ved plastureininga som følgje v øydelagt havmiljø, tette avløp og drivhusgassutslepp ved produksjon av plast, er estimert av FN sitt miljøprogram til å vere 40 mrd. dollar årleg. (kjelde: Avfallsmeldinga)

KrF i Sogn og Fjordane vil ha sterkare innsats mot plastureininga. Det er ikkje tid å miste, og nye utgreiingar på spørsmål ein veit svaret på, er ikkje vegen å gå.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags