KrF vil opprette «Plastoppryddings-fond»

Trude Brosvik.

Trude Brosvik. Foto:

Av
DEL

MeiningarKrF heiar på alle frivillige som er med på plast-plukke-dugnad! I Vestland fylkesting vil vi jobbe for eit «Plastoppryddings-fond» på 10 mill som laget ditt eller bygda di kan søke på. På denne måten vil vi premiere det viktige frivillige arbeidet som skjer rundt dette klima- og miljø problemet, og samtidig skape haldningar som reduserer plastbruk og motiverer til resirkulering.

Plast på avveie og i havet er eit stort miljø-problem. Q-tipsen, bruskorken eller taustumpen er gjengangarar når du ryddar stranda. Og viss det ikkje blir plukka opp, så blir det til slutt mikro-plast som blir går inn i kretsløpet. Slik kan du faktisk ende opp med å ete q-tipsen til naboen…. Lekkert? Nei!

«Plastkvalen» har med sin død heldt ein politisk tale som er mykje sterkare enn nokon av vi politikarar kunne klart. KrF vil følgje opp, og på landsmøtet vedtok vi mange gode tiltak; ma støtte forbod mot unødvendig eingongsplast, panteordningar, støtte til teknologiutvikling mm. Vi vil også utvide plastprodusentane sitt ansvar for plastprodukt, for å sikre at gjenvinning (sirkulærøkonomi) blir gjennomført.

Kvart år hamnar 8 millionar tonn plast i havet. Det er ein stor fare for fugl, fisk og dyreliv, og til sist også for mennesket. Derfor er det viktig å ta tak i problemet. KrF vi,l i tillegg til det offentlege, produsentane og forbrukarane, engasjere det frivillige organisasjonslivet til å vere med på plast-plukking. Derfor vil vi ha eit lite fond som kan motivere, og som organisasjonane kan søke på.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags