DEBATT: Gruver, fjorddeponi og det grøne skiftet

SVIKTAR: Med all den kunnskapen vi no har om klodens tilstand, forventar eg at dei som er sett til å forvalte felles ressursar tar kunnskapen på alvor og brukar den. Ved å gje løyve til å dumpe giftig gruveavfall i dei reinaste fjordane med stort mangfald og raudlista artar, og med allereie eksisterande arbeidsplassar, sviktar dei oppdraget sitt.aksjonsgruppe, s,kriv artikkelforfattaren.

SVIKTAR: Med all den kunnskapen vi no har om klodens tilstand, forventar eg at dei som er sett til å forvalte felles ressursar tar kunnskapen på alvor og brukar den. Ved å gje løyve til å dumpe giftig gruveavfall i dei reinaste fjordane med stort mangfald og raudlista artar, og med allereie eksisterande arbeidsplassar, sviktar dei oppdraget sitt.aksjonsgruppe, s,kriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevTilhøvet mellom miljøinteresser og næringsverksemd skapar debatt, seinast i saka om gruve og deponi i Repparfjorden. Planane om deponi i Førdefjorden skapar også debatt og stort engasjement.

Dei som er for prosjektet i Repparfjorden meiner at gruvedrift med dumping av finmale gruveavfall med miljøgifter kan leve side om side med fiskerinæringa og reindrifta. Kva slags forsking syner dei til som kan underbygge påstandane at det ikkje går på kostnad av fisken og anna liv i fjorden, og at reindrifta ikkje tek skade? Sametinget er sterkt i mot fjorddeponiet og gruva i Repparfjord fordi det bryt med samiske interesser, og fordi det ikkje er foreneleg med reindrift eller bruk av fjorden. Dei som kan mest om reindrift og bruk av samiske område blir ignorert og oversett i ei sak som omhandlar deira leveområde og livsgrunnlag.

Motstanden mot fjorddeponi blir gjerne omtala som kjensler. Men våre fremste forskingsmiljø som Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet er sterkt i mot fjorddeponi av faglege grunnar. Desse fagmiljøa sine uttaler har blitt oversett og ignorert i samband med løyva som er gitt til gruveselskapa. Kva skal vi med forskingsmiljø, som til dømes Havforskingsinstituttet, dersom deira kunnskap ikkje skal reknast med når politiske avgjerder får irreversible konsekvensar for gytefelt, raudlista artar og ikkje minst arbeidsplassane som er knytt til ein rein og artsrik fjord? Og kva skal vi med nasjonale laksefjordar med spesielt vern om det er heilt greitt å pøse ut millionar av tonn giftig avfall i dei?

Planeten sin tilstand reiser store dilemma knytt til forbruk og overbefolkning. Mennesket breier seg utover og tar plass og ressursar på kostnad av andre artar. Vår del av verda baserer seg på overforbruk, vekst og endå meir vekst. Så lenge vi som forbrukarar krev nye produkt og energikrevjande tenester stadig raskare, oftare og billegare, vil vi trenge alle dei ressursar som marknaden krev og får oss til å tru at vi treng. I staden for å stille spørsmål om ein auka vekst er nødvendig, lar vi oss lure til å tru at vi treng fleire ressursar for å nå denne veksten. Kjem veksten til og med i ei grøn innpakking, så er lureriet fullkome der forureining og rovdrift på natur skjer i det gode si teneste, for målet heilager middelet.

Er det eit grønt skifte på gang? Om såkalla grøne industriar berre fortset med å forbruke ressursar som ikkje er fornybare, som t.d. mineral, vil det sikkert skape vekst. Men er det berekraftig? Om veksten i grøn teknologi, som til dømes elbilar, berre fortset i same sporet og med same ideologi som har ført oss til krisa livet på jorda no står overfor, så er det ingen endring. Skal vi framleis ha det forbruket og behovet for transport og elektronikk vi har i dag, og med den folketalsveksten som er varsla, vil vi trenge kvart gram av dei minerala som er mogleg å drive ut. Med auka kjøpekraft i fattige og svært folkerike land kan vi berre ane kor mange gruver som trengst. Og kor skal ein gjere av avfallet og giftstoffa? Og kva skal vi gjere når det er tomt? Er vi villige til å endre forbruksmønsteret vårt så vi slepp å ta ut så mange ressursar frå naturen?

Med all den kunnskapen vi no har om klodens tilstand, forventar eg at dei som er sett til å forvalte felles ressursar tar kunnskapen på alvor og brukar den. Ved å gje løyve til å dumpe giftig gruveavfall i dei reinaste fjordane med stort mangfald og raudlista artar, og med allereie eksisterande arbeidsplassar, sviktar dei oppdraget sitt. Argumentet om at utvinning av mineral midt i samane sitt reinområde og med fjorden som giftig søppeldynge er nødvendig for det grøne skiftet blir både tragikomisk og surrealistisk. Fjordsystema er ein del av havet, og havet sine straumar heng saman og fraktar plast og giftstoff rundt kloden. Vi veit at jorda er på randa til kollaps i økosystema, og nokre bryt alt saman. Vi veit at det er krise og vi veit at havet har trøbbel nok som det er. Å berre fortsette i same spor og med same tanke om vekst som trumfar andre omsyn er brotsverk mot framtida, mot naturen og vårt felles livsgrunnlag. Det blir ikkje eit grønt skifte om ein reddar klimaet men forureinar og øydelegg evige ressursar. Fjorden blir ikkje mindre tilgrisa av det giftige gruveavfallet sjølv om den blir det for det grøne skiftet.

Vi ser no at unge over heile verda mobiliserer til kamp mot klimaendringar og rasar mot dei vaksne sin unfallenheit i miljøspørsmål. Vi har visst om konsekvensane av vår åtferd lenge, og likevel ikkje gjort nok for å hindre menneskeskapte klimaendringar, masseutrydding av artar og andre miljøskadar. Det er nærmast blitt møtt med ein geisp og store ord om klimamål. Ungdomane sitt opprør og raseri syner oss at det vi har gjort og framleis gjer mot naturen får enorme følger for dei som skal overta. Som menneske må vi forbruke natur for å overleve, men på ein klode med avgrensa ressursar treng vi strenge krav til forvaltning av felles natur.

I drivet mot utvikling har mennesket dessverre gløymt å ta omsyn til at vi er ein del av naturen. Utan natur er det heller ingen eksistens for mennesket. Det er dette scenariet mange meiner at vi nærmar oss, og som gir sakene om Repparfjorden og Førdefjorden så stort alvor.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags