Noreg er ein miljøversting

50 ÅR: Sist veke gjekk regjeringa, saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet inn for vidare utvikling av giga plattforma «Johan Sverdrup». Denne plattforma skal drive ein storproduksjon av olje i 50 år framover.Det er skummelt og sjå at dei to største politiske partia i Noreg som representerer majoriteten av befolkninga, går inn for dette, skriv artikkelforfattaren.

50 ÅR: Sist veke gjekk regjeringa, saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet inn for vidare utvikling av giga plattforma «Johan Sverdrup». Denne plattforma skal drive ein storproduksjon av olje i 50 år framover.Det er skummelt og sjå at dei to største politiske partia i Noreg som representerer majoriteten av befolkninga, går inn for dette, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevTrudde du at vi i Noreg er flink til å ta vare på miljøet? Tru om igjen. Norske politikarar til både høgre og venstre er flinke til å snakke om miljø, men når vi ser på kva dei faktisk er villig til å gjennomføre av miljøtiltak, er det ikkje i nærleiken av bra nok.

Det er berre eitt parti som i dag er villig til å kutte utsleppa nok i tråd med Paris-avtalen. Det same partiet som står aleine om å erkjenne at klimakrisa er ei reell krise. Det er Miljø Partiet dei Grønne, det einaste partiet som set klima og kloden først. Sosialistisk Venstreparti og Venstre, gir seg ut for å vere klimaparti, men faktumet er at når dei får sjansen, må klimapolitikken oftast vike. Dessverre blir ikkje klimakrisa løyst om vi skal ha ein sosial revolusjon først. Dei burde som MDG også tore og sette ein sluttdato på oljeindustrien. Vi kan sjå frå Oslo at når MDG har komme i byråd, har dei kommunale utsleppa blitt kutta med 16 % frå 2016.

Sist veke gjekk regjeringa, saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet inn for vidare utvikling av giga plattforma «Johan Sverdrup». Denne plattforma skal drive ein storproduksjon av olje i 50 år framover.

På nettstaden til Arbeidarpartiet står det at; eitt av tiltaka dei gjer for klimaet, er å følge opp Paris-avtalen. Dette er reinspikka løgn, vi kjem ikkje til å klare å vere utslippsfri i 2050 om oljen skal få fortsette heilt fram til 2070. Ap, saman med regjeringa, er hyklerske. Klimatiltak er bra, men dessverre forgjeves om ein held på slik. Dette er ein dobbeltmoral, som fleire parti praktiserer.

Det er skummelt og sjå at dei to største politiske partia i Noreg som representerer majoriteten av befolkninga, går inn for dette. Å stemme på desse partia har baksider. Alle som stemmer på desse partia, stemmer for ei grå framtid, der egoisme står sterkare enn solidaritet med kloden og alt det levande på den. Dei stemmer for fleire naturkatastrofar, og dei stemmer for at fleire skal miste livet. Det er ein radikal ting og sei, men det er det som er sanninga. Klart eit vedtak der 25 gangar så mykje som Noregs årlege utslepp står på spel, vil få fatale konsekvensar.

Vi har dårleg tid i klimakampen, vi kjempar mot ei tikkande klokke. For kvar time og dag som går, tapar vi meir. Vi tapar biologisk mangfald, vi tapar menneske og vi tapar natur. Om regjeringar verda over, ikkje får auga opp for dette, vil det ein gang bli for seint.

Sigrid Moltumyr, miljøengasjert skuleelev

Sigrid Moltumyr, miljøengasjert skuleelev Foto:

Klimaet og kloden sine behov må komme først. For utan det, er vi ingenting. Finske og tyskeforskarar har publisert ein 300 sider lang rapport over korleis jorda kan verte utsleppsfri og fornybar innan 2050. Denne rapporten er også utarbeid med tanke på kva som er den mest kostnadseffektive løysinga. Rapporten understrekar at energi som kjem frå fossilt brensel, må kuttast heilt ut. Ei omstilling som vil vere tøff, men absolutt mogleg. Problemet er ikkje mangel på løysing, men mangel på politisk handling.

Om 10 år kan mange av dei 40.000 klimastrekkarane stemme. Lite seier at dei kjem til å stemme på parti som gav blaffen i dei, når dei ropte i fortviling for ein meir radikal klimapolitikk.

Om du har stemmerett, i år tenk godt igjennom kven du stemmer på. Kvar stemme på parti som ikkje tek framtida vår på alvor, kostar kloden og framtida dyrt.

https://www.arbeiderpartiet.no/politikken/klima/

https://e24.no/energi/fornybar-energi/rapport-verden-kan-bli-utslippsfri-innen-2050/24607863?fbclid=IwAR3SX6j_CKBtvAkpKIGy24oEBjTbcrL5HXDDf0vZVW4KLRXAVKxMcKFUt24

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags