Equinor må skjerpe seg!

Sigrid Aanestad Moltumyr.

Sigrid Aanestad Moltumyr. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Kvart einaste år gir Norge milliardar av kroner til bevaring av natur og økonomisk utvikling rundt om i verda. Det er bra, men det begynn å bli på tide at våre statseigde selskap sluttar å vere ei stor årsak til problema i seg sjølv.

Equinor er kanskje det beste eksempelet på dette. Equinor promoterer seg sjølv som eit selskap som tar sitt samfunnsansvar seriøst, og var tidlegare i år til og med frekke nok til å seie dei var på lag med dei klima-streikane. Men jamleg kjem det opp saker som viser kor lite samfunnsansvar Equinor faktisk er villig til å ta, også utover det openberre fakta at olje og gassutvinninga deira forverrar klimakrisa.

For uansett om det handlar om å bore etter olje i verneverdige område utanfor Australias kyst eller fortsette å ha investeringar i den skitnaste oljesanden i Canada, gløymer Equinor miljø og lokalbefolkning. Oljelekkasjar i Bahamas er det siste eksempelet på at Equinor må skjerpe seg.

For sjølv om Bahamas ligg i eit av verdas mest orkanutsette område, hadde ikkje Equinor gjort sine oljetankar i landet sikre nok til å sikkert tole orkanar av sterkaste styrke. Det blei klinkande klart då orkanen Dorian slo i land i Bahamas månadsskiftet august/september. Fleire av Equinors oljetankar i landet blei øydelagt, og har sidan lekka store mengder olje. Olja har begynt å lekke ut i sjøen, gjort drikkevatnet til befolkninga på øya giftig, for ikkje å snakke om alle økosystema som har blitt øydelagt.

Oljesølet kunne også hatt katastrofale konsekvensar for heile Bahamas økonomi, om dei ikkje hadde vore så heldige at mindre olje enn ein først frykta hadde leke ut i havet. 51 prosent av heile landets økonomi kjem frå turisme, grunna landets fine strender og tilknyting til havet. Oljesøl her kan øydeleggje for dette, og ruinere den klart viktigaste industrien i Bahamas' økonomi.

På grunn av alt dette er det klinkande klart at Equinor ikkje har tatt i nærleiken av det samfunnsansvaret dei burde, då dei ikkje sikra tankane betre. Det er på høg tid at statseigde selskap som Equinor skjerpar seg, og sluttar å gamble med natur og lokalbefolkning der dei investerer, slik dei har gjort på Bahamas.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags