Staten må ta leiartrøya i den grøne omstillinga

AKSJONERTE: 10.000 skuleelevar aksjonerte mot det dei meiner er lite miljøvenleg politikk. Det er staten som må ta leiartrøya i den grøne omstillinga, meiner artikkelforfattaren. Bildet er frå elevstreiken i Førde.

AKSJONERTE: 10.000 skuleelevar aksjonerte mot det dei meiner er lite miljøvenleg politikk. Det er staten som må ta leiartrøya i den grøne omstillinga, meiner artikkelforfattaren. Bildet er frå elevstreiken i Førde. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFredag 24. mai streika 10.000 skuleelevar i Noreg, som ein del av ein internasjonal protest i heile 118 land, mot det elevane med rette ser på som ein lite miljøvennleg rådande politikk.

Det er ein reell fare for at stadige krav om meir profitt og meir forbruk vil øydeleggje livsgrunnlaget på jorda. Det hastar med å byggje opp grøne næringar i takt med ein styrt og gradvis nedtrapping av oljeindustrien. Noreg må vise at det er mogleg å ha eit velferdssamfunn utan å øydeleggje miljø og klima.

Løysingane finst mellom anna i solkraft og bølgekraft. Vidare syner ein studie frå NTNU at opprusting og utviding av allereie eksisterande norske vasskraftverk kan gje like mykje straum som all planlagd vindkraft på land, og det med minimale naturinngrep. For norsk energipolitikk hadde det dessutan vore ein fordel om Noreg ikkje var kopla til EU sitt energibyrå ACER, men at norske myndigheiter i staden for hadde full styring med og råderett over norsk kraft.

Naturvernarar, friluftsentusiastar og delar av fagrørsla har, med rette, protestert mot planane for massiv utbygging av landbasert vindkraft. Bruk av fornybare energikjelde er ein nødvendig del av den grøne omstillinga som må komme. Men dette tyder ikkje, slik Firda skreiv på leiarplass, at vi må ta eit val kor vi anten tenkar på tradisjonelt naturvern eller på omsynet til ny grøn energi. Vi må, så langt det er mogleg, prøve å ta omsyn til begge desse måla. Ikkje berre på grunn av CO₂-fangsten i fotosyntesen, men òg fordi heile dyre- og plantemangfaldet er ein viktig del av planeten sin økologi. Dessverre syner den nyaste rapporten frå FN sitt naturpanel IPBES at ein million av rundt åtte millionar dyre- og planteartar er truga av utrydding.

Den mest miljøvenlege energien er den som aldri vert brukt. Energieffektivisering og energiøkonomisering må verte ein mykje større del av debatten rundt klimakrisa. Det bør setjast av meir pengar til ny forsking på moglege energisparetiltak, innan til dømes bygg, industrien og transportnæringa. Vidare er det på sin plass å peike på at den pågåande vestlege krigføringa i land i Afrika og Asia ikkje berre er fullstendig i strid med folkeretten, men òg utgjer ein særs miljøskadeleg sløsing med ressursar. Denne krigføringa må det difor bli ein slutt på, jo før jo heller.

Det er staten som må ta leiartrøya i den grøne omstillinga. Det går fint an å innføre eit makstak for planlagde flyavgangar til andre land for kvar flyplass som ligg langt under dagens nivå. Det går an å innføre ei lov som forbyr butikkar og serveringsstadar å kaste etande mat. Det går òg an å endre norsk landbrukspolitikk, inkludert med betre statlege stønadsordningar, slik at ein gjennom ein auka sjølvbergingsgrad får redusert utsleppa knytt til transporten av importerte matvarer. Det går an å styrke kollektivtransporten, og på denne måten få redusert privatbilbruken kraftig. Men det er staten som må gjere dei nødvendige strukturelle endringane og investeringane for å få til alt dette.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags