Myra er gull verd

Av
DEL

Meiningar 

I desse dagar er det tid for planting i hagar og på balkongar, og jord blir kjøpt inn i store mengder. Men kva slags «jord» kjøper vi eigentleg, og kor mykje av ho inneheld større eller mindre mengder med torv?

No veit vi at å spare myra, som torva vert henta frå, er gull verd som klimatiltak. Visste du at: myrene våre lagrar store mengder karbon, noko som har mykje å seie for å avgrense mengda av CO₂ i atmosfæren, at myrene er effektive flaumdemparar, at mange plantar og dyr lever der, at dei tener som rasteplass for fuglar, at dei reinsar vatn?

Kvar kvadratkilometer myr lagrar karbon svarande til 250.000 tonn CO₂. På mange måtar kan vi seie at myrene er Noregs «regnskog» fordi dei lagrar store mengder karbon og er levestaden til mange plante- og dyreartar. Då er det ille at vi både byggjer ned mykje av myrene våre og at vi i tillegg øydelegg dei ved å ta ut torv som vert brukt til hagejord.

Heldigvis har Stortinget i år vedtatt at det meste av nydyrking av myr skal slutte. Besteforeldra sin klimaaksjon og andre organisasjonar krev også at myr som allereie har blitt grøfta, må restaurerast i større grad enn no, og at det må bli heilt slutt på å ta ut torv til hagebruk.

Det finst allereie 25 torvfrie produkt å få kjøpt til hagen og balkongen. Og det vert utvikla nye av kompostert organisk avfall. Så då gjeld det berre å sjekke det som står med lita skrift bak på pakningen for å vere sikker på at ein verkeleg kjøper jord utan torv – eller ein kan spørje dei som sel produkta om dei er torvfrie.

Ver med og gjer ein innsats for å redde myrene våre, både for klimaet sin del og for å ta vare på det biologiske mangfaldet!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags