Blomekommunen Sunnfjord

Av
DEL

LesarbrevDei siste tiåra har vist ein samanhengande nedgang for insekta. Årsakene er uvisse, men truleg har det moderne jordbruket sin del av skulda. Denne nedgangen kan få dramatiske fylgjer for oss menneske, då vi er heilt avhengige av pollinerande insekt som bier, humler osv. for å overleva. Også andre insekt er livsviktige for oss, berre tenk på nedbrytinga i naturen til dømes.

I det nye fylket Innlandet kan bøndene no få støtte til å ta vare på slike jordbruksareal, og til å skapa nye. Områda må ha pollinatorvenlege blomar gjennom vekstsesongen. Areala får økonomiske tilskot. Dei må ikkje gjødslast og heller ikkje sprøytast med plantevernmiddel.

Raudt Indre Sunnfjord meiner at ei liknande ordning bør takast i bruk i den nye kommunen. Vi foreslår at alle gardsbruk i kommunen set av til dømes eitt mål til blome-eng, sjølvsagt mot økonomisk kompensasjon. Dei beste areala til dette er tørre område med næringsfattig jord. Området bør slåast, men ikkje før etter frøspreiing. Graset (høyet) bør nyttast til dyrefôr, og området kan godt beitast om hausten.

Dette er eit tiltak som burde vera svært enkelt å få sett i verk. Lat oss gjera Sunnfjord kommune til ein velkomststad for insekta våre! Det er til vårt eige beste!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags