Applaus for miljøprofil og geit

APPLAUS: Artikkelforfattaren gir applaus til Nordfjord folkehøgskule og rektor Hildegunn Gjesdal Tennebø for omlegging av miljøprofilen.

APPLAUS: Artikkelforfattaren gir applaus til Nordfjord folkehøgskule og rektor Hildegunn Gjesdal Tennebø for omlegging av miljøprofilen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevApplaus for Nordfjord folkehøgskule og rektor Hildegunn Gjesdal Tennebø for omlegging av miljøprofilen. Dei har prøvd å trappe ned gradvis på utanlandsturane sine med fly. Frå neste år skal desse turane erstattast med alternative transportmiddel.

Rektoren fortel at dei har fått tilbakemeldingar frå fleire elevar som seier at dei søkte seg til skulen spesifikt på grunn av miljøprofilen. Det er grunn til å gje stor applaus til rektor Hildegunn Gjesdal Tennebø, for å gjere noko med miljøet praktisk. Ikkje berre prate om miljøet.

Her kan våre sentrale politikarar lære av Nordfjord folkehøgskule. Politikarar; prat litt stillare om miljø og fly mindre verda rundt på møter som gjerne kan gjennomførast med videokonferansar.

Applaus for Kandal Kjøtt som skal fremje geita i Berlin.

Jorun-Beate og Paul Nygård er inviterte av Innovasjon Noreg til å vere med på den Internationale Grüne Woche 2020 i Tyskland på nyåret. Intensjonen bak deltakinga er at den skal bygge Noreg som mat- og reiselivsnasjon, samt styrke regional matkultur gjennom nettverksbygging, innovasjon og produktutvikling.

Dei skal sette fokus på geite- og kjekjøt som er altfor lite brukt her i landet. Dette kjøtet er førsteklasses og må brukast lang meir enn no. Det er produsert på utmarksbeite og samtidig som geitene er førsteklasses til å halde naturlandskapet ved like som gror til over alt.

Det er grunn til å gje Kandal Kjøtt ein stor applaus for det fantastiske arbeid dei legg ned i bedrifta si. Få fram på messa kva ressurs geite- og kjekjøt eigentleg er, og pleie av naturen. No må våre sentrale politikarar få auga opp for å sjå kva norsk landbruk og småskala produksjon betyr for nasjonen og gje dei gode rammevilkår inn i framtida.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags