Trøyst til kok forbanna, deprimert mann

Av
DEL

LesarbrevDagleg leiar i Sunnfjord Utvikling, Rolf Sanne-Gundersen, er djupt uroa over at vi handlar mindre her i Førde. Null vekst. For ei gladnyheit for miljø og klima!

Eg vil gje honnør til politikarar (enkelte av dei iallfall), stat og fylkesmann for at dei har lagt hindringar i vegen og forsøkt å stoppe all vekst, til dømes på Brulandsvellene. Tolegrensa er passert for lengst. I år brukte vi opp ressursane på jorda allereie 1. august, om forbruket skulle vere berekraftig. Vi har 12 år på oss til å snu ei utvikling som ber i fullstendig gal lei.

I tillegg står folketalet i stampe. Får sunnfjordingar for få barn? Nei. Det er ikkje mangel på menneske på jorda. Men det er alt for mange av oss som tek ein urimeleg stor del av kaka.

Ordførar Olve Grotle seier til Firda; «Det er blitt så mange omsyn å ta, så mange planar som må forserast, så mange reglar å ta omsyn til,…». Eg veit ikkje om det er klimaplanar, miljøomsyn, raudlista plante- og dyreartar og jordvern som er blant desse hindringane for vekst ordføraren meiner.

Marit Bendz

Fylkessekretær i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Førde

Følg på: Facebook

Men både de og eg veit at det biologiske mangfaldet minkar i rekordfart. Vi veit og sjølvforsyningsgraden er skremmande låg i Noreg. Kring 8.100 dekar matjord forsvinn kvart år. I den nye Sunnfjord kommune står 242 bruk tomme eller er ute av drift (SSB). Der har Sunnfjord Næringsutvikling ein jobb å gjere, det finst folk som er huga på gard. Det finst folk som vil busette seg her. Kva med å sørge for at dei flinke folka som er innom i ulike prosjekt- og vikarstillingar får fast jobb, slik at dei tør å etablere seg i Sunnfjord?

Det hjelper ikkje med større omsetning i butikkane i Førde når ekstremvêr vert hyppigare, fjorden er daud, insekta forsvinn og barnebarna peiker på oss og seier: Kva i holaste har de stelt i stand? De visste det, og de gjorde ingenting.

Overforbruket vårt er hovudårsaka til at mengda drivhusgassar i atmosfæren har nådd eit rekordhøgt nivå. Tida er i ferd med å renne ut i arbeidet med å unngå øydeleggjande og stadig verre klimaendringar, åtvarar Verdas Meteorologiorganisasjon (WMO) i ein fersk rapport.

– Det er ingen teikn til at trenden er i ferd med å snu, seier leiaren i WMO, Petteri Taalas. Utan raske kutt i CO2 og andre klimagassar vil klimaendringane få stadig meir fatale og irreversible verknader på livet på jorda.

– Vindauget for å gjere noko er nesten lukka, seier han.

Som eitt av dei rikaste landa i verda, som tuftar velstanden på olje, har vi faktisk størst ansvar for å redusere utsleppa. Stockholm Environment Institute har sett på kva som er Norges rettferdige del av innsatsen for å oppfylle Paris-avtalen. Våre historiske utslepp kombinert med høg økonomisk velstand, betyr at vi må redusere våre klimautslepp med 430 prosent innan 2030 og bidra med 65 milliardar kroner årleg til klimatiltak i andre land.

Så kjære næringssjef, gled deg over utviklinga! Gled deg over at det går godt i dei andre sentra i Sunnfjord. Det betyr mindre trafikk, lågare klimagassutslepp og betre samarbeidsklima. Gled deg over at noko av den verdifulle matjorda som investorane vil byggje ned, vert liggande for matproduksjon. Gled deg over at fleire og fleire tek ansvar for framtida til våre barn og barnebarn, og shoppar mindre. Eller handlar dei på nett i staden? Det er uansett eit insentiv til kreative næringsdrivande til å finne noko anna, meir framtidsretta å drive med, som ikkje er avhengig av mantraet «vekst». Kanskje Sunnfjord Utvikling kan bli ei kjelde til inspirasjon, ei draghjelp rette vegen? Vi har berre 12 år på oss til å snu.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags