El-båtar aukar globale utslepp

Av
DEL

LesarbrevUtsleppa må ned har vi fått høyre no i valkampen. Det vil sei at alt skal gå på batteri. Smilande politikarar fortel oss kor fantastisk det er med miljøvenlege utsleppfrie batteridrivne båtar. Vi har fått elektriske ferjer og snart kjem elektriske snøggbåtar, fly og endå til batteridrivne cruiseskip. Det vitnar om total mangel på kunnskap om dette faget.

At båtane er miljøvenlege er rett i og med at dei ikkje slepper ut eksos i fjorden, men dei er slett ikkje utsleppfrie. Utsleppet er berre flytta til Danmark og kraftig auka i forhold til dieseldrivne båtar. Det kan vere vanskeleg å forstå sidan alle veit at vi her i landet berre har rein vasskraft. Ordet klima og miljø vert brukt om eit anna, men tyder heilt ulike ting. Miljø er dei nære omgjevnadene vi lever i mens klima betyr på ein måte verdsveret. Om CO2-utslepp har nokon verknad på verdsveret spelar det inga rolle om utsleppet er i Noreg eller i Danmark.

For å driva ein båt trengs kraft frå ei energikjelde. Etter fysikkens lover kan energi ikkje skapast eller gå tapt så energien må koma frå ei kjelde der han er lagra. Det aller meste av energien på jorda er lagra som kol, gass og olje i fossile kjelder. Det vil sei solenergi som kom til Jorda for millionar år sidan. Den norske vasskrafta er solenergi som kjem til Jorda no og vert omsett i kraftverka med verknadsgrad på 80-90%. Energien vert lagra i fjellvatna og gjev stabil kraft som er lett å regulere etter forbruket. Utan om solenergi har vi atomenergi og mange land har satsa på nettopp denne utsleppfrie energien.

Elektrisk straum er ikkje ei energikjelde, men eit framifrå middel til å transportere energi over store avstandar. Problemet med elektrisk energi er at den er vanskeleg å lagra. Batteri er brukbart, men slett ikkje særleg effektivt. Verknadsgraden og forholdet mellom vekt og energilagring er dårleg. Eit batteri på 540 kg (Tesla) lagrar same energimengde som 20 liter diesel. At råstoffet kobolt til batteria vert utgreve av barneslavar i Kongo ser ein vekk i frå. Klimaguden krev sine offer.

I Noreg har vi rein vasskraft og vi produserar meir enn vi brukar sjølv. Vi er også tilknytt eit nett der vi sender overskotet til nabolanda, mest til Danmark som sjølv med ein skog av vindmøller får det meste av krafta si frå kolfyrte kraftverk. Kolkraftverk har ikkje den same verknadsgraden som moderne dieselmotorar og difor vert utsleppet større for kvar kilowattime dei leverar.

Ein moderne skipsdieselmotor slepper ut ca 250 gram CO2 pr levert kilowattime mens eit kolfyrt kraftverk har eit utslepp frå 500 til 1000 gram pr kilowattime. Den straumen vi ladar batteria med her kan ikkje sendast til Danmark og må då erstattast med kolkraft. Difor vert det ein kraftig auke i utsleppet i forhold til dieseldrivne ferjer.

Når dei ladar batteriet på båtane kan straumen kome frå næraste vasskraftverk, men poenget er at den krafta vert ikkje send til Danmark og må difor erstattast med kolkraft. Med andre ord, elektriske båtar aukar det globale utsleppet kraftig. No er det slik at klima ikkje vert påverka av menneskeskapt CO2 så difor spelar det inga rolle, men slutt å kall elektriske båtar utsleppsfrie og slutt å kast vekk meir pengar på dette meiningslause tullet.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags