Ei verd som er i endring

ENERGI: Det er ingenting som tyder på at vi vil ha mindre behov for energi i framtida. Men vi må produsere meir grøn energi og erstatte fossile energikjelder på sikt, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Kjønsensefjordn kraftverk.

ENERGI: Det er ingenting som tyder på at vi vil ha mindre behov for energi i framtida. Men vi må produsere meir grøn energi og erstatte fossile energikjelder på sikt, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Kjønsensefjordn kraftverk. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI det siste har mediebilete vore prega av at vi er i ei klimakrise, og mange reportasjar viser at mange vert utsett for ekstremvêr og at miljøet vårt er i endring. Ein kan kjenne på maktesløyse når det kjem til klima- og miljøsaka; der det er mange innspel frå ulike forskingsintuisjonar, at det kan vere komplisert og litt uoversiktleg å forstå. Men, at vi må gjere noko er dei fleste innforstått med.

Vi, mennesket, er pådrivar for eit auka energiforbruk. I dag set vi store krav til komfort, vi skal både ha varme- og kjøling av våre bygningar, vi har stadig fleire komponentar tilkopla vårt straumnett og vi skal kunne bu, reise og drive vårt virke fritt. Næringslivet treng nok energi for å produsere varer og tenester som mat, hus, transport, klede, elektronikk, reisene våra og andre varer for at vi skal ha det komfortabelt. Det heile starta med den industrielle revolusjonen, som la grunnlag for den velstandeksplosjonen verda har opplevd på 1700-tallet og fram til i dag.

Harald Nyland, ledar i Fjordane Unge Høgre

Harald Nyland, ledar i Fjordane Unge Høgre Foto:

I Noreg starta det norske oljeeventyret for alvor med funn av olje på Ekofiskfeltet i 1969. Lite visste folk at dette skulle verte ei av Noreg sin viktigaste næring, både i form av skatteinntekter, investeringar og andelen av total verdiskaping. På grunn av oljenæringa, har vi bygd opp eit velferdssamfunn som mange land kan misunne oss for. Noko som vi kanskje tar for gitt i dag. Vi kan tilby helsetenester i nærområde, gratis utdanning, eit sosialt sikkerheitsnett som skal hindre at menneske fell utanfor, og at vi har eit samfunn som er organisert slik at du og eg kan sove trygt om natta. Alt dette bygd opp på ei næring og ein politikk som slo igjennom for 50 år sidan.

Det er ingenting som tyder på at vi vil ha mindre behov for energi i framtida. Men vi må produsere meir grøn energi og erstatte fossile energikjelder på sikt. Klarer vi ikkje det; kan vi både tape arbeidsplassar, gå glipp av nye viktige næringar og økonomisk utvikling. Omstillinga til eit nullutsleppssamfunn vil både ta tid og vere dyrt, men Noreg skal lykkast med det. Grunnen til dette er at Noreg har ein unik moglegheit til å ta leiarskap inn mot det grøne skiftet.

Tenk deg eit scenario, der vi skrur av olje- og gasskrana i morgon. Vi ynskjer oss sjølvsagt raskt inn i ei framtid der etterspørselen i verda etter olje og gass vert mindre. Faktumet er at den ikkje blir mindre om vi legg ned vår produksjon, vi legg berre til rette for at andre land kan pumpe opp skitten olje. Den norske oljeproduksjonen har allereie verdas høgaste CO2-avgift og er en del av EU sitt kvotepliktige sektor kor utsleppa skal kuttast med 45 pst. innan 2030. Med andre ord, norsk sokkel er allereie underlagt eit av dei mest forpliktande og ambisiøse rammeverka for kutt i klimagassar som finnes.

I Noreg er det også om lag 200.000 personar som arbeider direkte eller indirekte innanfor oljenæringa. For at ein skal få sysselsett desse i framtida, må vi ha ei gradvis omstilling etter kvart som produksjonen vert omstilt. Om vi brått stenger ned all aktivitet på vår sokkel, vil det mest truleg verte oppfatta negativt for det globale markedet med dei konsekvensane det vil medføre for Noreg. Det vil også krevje ei omstilling for deg og meg, og kva slags krav vi set for velferd og komfort om vi slutter med vår oljeproduksjon. Er du klar for det?

Mykje av kunnskapen vi har lært oss i løpet av 50 år med oljeproduksjon, kan vi vidareføre inn mot ny fornybar energi. Eit døme på dette er Equinor sitt havvind-prosjekt, som er eit prakteksempel på korleis ein kan utnytte og overføre vår kompetanse innan olje- og gassektor til å utvikle ny teknologi. Difor kan Norge lede an innan utvikling av vindmølle til havs, takka vere oljeindustrien vår.

Solberg-regjeringa har allereie satt i gang ein rekke tiltak som til dømes satsing på nullutsleppsbiler, «nullutsleppsfondet» for næringstransport gjennom Enova, støtteordningar for elektriske ferjer og hurtigbåtar, satsing på kollektivtransport, samt forbod mot eingongsplast frå og med 2020. Regjeringa vil også auke CO2-avgifta med 5 prosent, slik at det skal lønne seg å ta grøne val. Aukinga gjeld alle sektorar som i dag har CO2-avgift, der dei økte inntektene skal brukast til å senke andre avgifter. Dette begynner regjeringa med i årets statsbudsjett.

Klimakrisa er heller ikkje midlertidig, og kjenner ingen landegrenser. Der den krev langsiktige, helhetlige løysningar for alle sektorar som forureinar. Ikkje berre for Noreg, men også resten av verda. Difor vil Unge Høgre stanse utsleppa, ikkje utviklinga. Dette kan bli vår nye historie om korleis Noreg vart den globale motoren for det grøne skiftet.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags