DEBATT: Tjeld, fjord-deponi og handduken til Pontius Pilatus

Bilder frå miljøvernminister Erik Solheim sitt besøk i vevring, 15.11.2011. 

TAGS
Engebø Førdefjorden Miljøverndepartementet Nordic Mining Vevring Fjorddeponi miljøvern aksjonsgruppe

Bilder frå miljøvernminister Erik Solheim sitt besøk i vevring, 15.11.2011. TAGS Engebø Førdefjorden Miljøverndepartementet Nordic Mining Vevring Fjorddeponi miljøvern aksjonsgruppe Foto:

Av
DEL

Meiningar 

No trippar tjelden i fjørene med det gule nebbet sitt. Vårkjensle ligg i lyden frå fuglens kjappe vengeslag. Tjelden kjem rundt 15. mars kvart år. Høgste vinter lever han ved dei kvite kalk-klippene i Dover. Kongeflyndra derimot er det for seint å fiska etter. Ho gytte for fleire veker sidan. Då taper smaken seg på  fjordens suverene delikatesse. Tjeld og kongeflyndre er ein del av års- og livsrytmen rundt den levande og pustande fjorden. Likevel er fjorden blitt ein del av allmenngens tragedie. Allmenningen har vore det arbeidande  folks eigedom i tusen år. Gulatingsloven, syntesen av gamal vest-norsk tankegods og visdom, definerte til og med kor langt ut i fjøra den private eigedomsretten gjekk.

No grafsar dei grådigaste blant oss også i eigedomsretten til fjorden. Det nøytrale ordet for tilgrising og miljøøydeleggjing heiter fjorddeponi. Ein del av allmenningens tragedie er dessutan likesæle politikarar. I diskusjonane rundt dumping av gruveavfall i Finnmark og i Sunnfjord er det nemleg tydeleg  at fleire statsrådar verken bryr seg om norske fjordar eller veit kva ein fjord er, korleis livet ved ein fjord har blitt levd, og kva livet i fjorden betyr for trivselen til vanlege folk. I vårt fylke observerer vi i tillegg at dei fleste parti  ikkje tar omsyn til fjordmiljø. Dette gjeld for Høgre, FrP, for  Senterpartiet og for Venstre.  Venstre ser forresten ut til å setja alle krefter inn på å tvetta seg i handduken til Pontius Pilatus i denne saka  i dag. Arbeidarpartiet har heller ikkje lært mykje av katastroftevalet for to år sidan: Med hjelp av arbeidarungdom og det ideologisk oppdaterte Førde Arbeiderparti blei det fleirtal på det fyrste årsmøtet i Vestland Ap mot å dumpa  gruveavfall i Førdefjorden. Dagen etter kommenterte nestleiaren i Vestland Ap  saka på ein måte som tok heile brodden frå fleirtalsvedtaket. På ny blir vi altså vitne til at Arbeidarpartiet går inn i valkamp med standpunkt som ligg midt mellom alt og ingenting. 

Vi har våre lokale stader som stort sett blir utsette  for det same som Førdefjorden og Repparfjorden i Finnmark. Ein slik stad heiter Suppam i Leikanger kommune. Der dumpar aksjeselskapet Sognekraft  tunnelmasse  i tonnevis frå ein isoporflåte som er rigga opp midt i lakseløypa. Heldigvis har vi Sognefjord Vel som engasjerer seg i saker om fjordmiljøet vårt. Seinast for to veker sidan la dei fram sine vurderingar om det som skjer i vårt nære fjordområde. I Sognefjord Vel finn vi det fagmiljøet som lengst og mest trufast har arbeidd med helse- tilstanden i Sognefjorden.

Eitt av dei nyare munnhella, utan innhald, går ut på at ein alltid må sjå på heilskapar, totalitetar.  Førdefjorden skal såleis bli søppelplass ut frå ei totalvurdering av Oslo-folk i styringsverk og direktorat. Denne nådegåva, å ta totalomsyn, eig berre topp- politikarar/byråkratar  i Oslo, etter eigne vurderingar. Vi vanlege menneske som bryr oss om fjordar og fjell, sauer med lam meir enn om ulv, meir om reine fjordmiljø  enn gruveslam, meir om framtida til ærlege pelsdyroppdrettarar enn til kule nyurbanistar rundt Oslo-løkker, er   blitt populistar. Ingen kan likevel forlanga at vi skal ha totaloversyn over alle krumspringa til spinndoktorane på Statsministerens kontor. No er det slik at vi frydar oss over slike miljøkvalitetar  som tjeldens årlege fjordkome, over kongeflyndre steikt i fjellsmør. Nær  hjarta vårt ligg fjorden. For bymenneske er dette framand- tankar. Men dei har makt til å gjera allmenningen om til ein notids- tragedie, også i heimefjordane våre. 

Kven kan vi stola på? Kven vil forsvara våre interesser?  Torbjørn Dale på Høgskulen og miljøet rundt han stolar vi på fagleg. Dei opererer fritt, uavhengig  og objektivt og er ikkje underlagt dei spinndoktor-skuggane som fylkesmannsembetet står i. Eg spør: Kor mange kontroller og vassprøver har fylkesmannsembetet gjennomført i anleggsperioden i Suppam for å sikra at  støv- og plastpartiklar ikkje flyt av i fjord-straumen? Kva syner desse prøvene? Alle må også vedgå: Det parti-politisk ærlege, det trufaste over tid om framtida til  fjordane våre , finn vi i hovudsak berre hos SV i Vestlandsfylket. Eg har ikkje noko tilknytingspunkt til dette partiet, men eg ser jo kva som skjer. SV har sett opp den dyktige og erfarne Åsmund Berthelsen frå Naustdal på 2.plass ved det fyrste Vestlandsvalet til hausten. At han vil forsvara fjordane våre  med  kunnskap og glød, kan knapt nokon tvila på i ei sak som vedkjem oss alle, som handlar om framtida vår, og som dei unge frontar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags