Reint vatn og rein energi er utfordringa

REINT VATN: I Noreg har vi rikeleg med både reint vatn og rein energi. Vi må likevel stille krav til produksjon som brukar minst mogeleg vatn, og at lyspærene, bilane og andre produkt skal vere energieffektive og ha lang levetid.

REINT VATN: I Noreg har vi rikeleg med både reint vatn og rein energi. Vi må likevel stille krav til produksjon som brukar minst mogeleg vatn, og at lyspærene, bilane og andre produkt skal vere energieffektive og ha lang levetid. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFN sine berekraftmål går i hovudsak ut på å kjempe mot ulikskapar og fattigdom, og å stoppe klimaendringane innan år 2030. To av delmåla er reint vatn og rein energi til alle. I Noreg har vi nok av begge delar, så kvifor skal vi bry oss?

Thomas Alva Edison fann opp glødelampen på slutten av 1800-talet. Han vart rett nok skulda for å ha stole idéen frå ein annan, men det er ei anna sak. Største utfordringa var å finne ein glødetråd som tålte varmen og vara lenge. I Livermore i California er det ei lyspære som har lyst i nesten 120 år. Nåde den som slår av straumen! Lyspæra vart handlaga av professor Chaillet for å overbevise investorar om å investere i ein lyspærefabrikk.

I starten laga produsentane lyspærer som skulle vare lenge, men seinare vart det om å gjere å få selt flest muleg pærer. På 1900-talet samarbeidde produsentane av lyspærer. Det var ikkje lov å lage pærer som lyste lenger enn tusen timar. Dersom pærene vart av for høg kvalitet, vart det gitt bøter.

Historia viser at vi som forbrukarar må vere årvakne. Det gjeld også oss nordmenn – sjølv om vi kanskje ikkje tenkjer at miljøproblem som reint vatn og rein energi råkar oss så mykje som folk i andre delar av verda. Som forbrukarar kan vi stille krav, og vere med på å endre verda.

Teknologien for å lage lyspærer med lang levetid fanst altså heilt frå starten, men produsentane samarbeidde for å motverke at den blei brukt. Dei produserte pærer som var dårlegare enn dei hadde teknologi til, med vilje! Dette er stikk i strid med korleis vi oftast tenkjer marknaden og teknologiutviklinga fungerer – er det ikkje slik at industrien strekkjer seg mot høgare mål i alt den gjer? Og at marknadsmekanismane sjaltar ut dei dårlegaste produkta, gjennom forbrukarane sin sans for kvalitet?

Nei – dessverre. Ofte løner det seg å lage – og å kjøpe – dårlege produkt. Kast og bruk-mentaliteten gjennomsyrer vår tid, og blei tidleg oppdaga – slik som i eksempelet over. Denne mentaliteten er noko av det som bidreg aller mest til klimakrisa vi ser i dag. Dersom vi skal løyse FNs berekraftmål, treng vi mest av alt ei haldningsendring til alle tinga vi lagar og brukar. Kvar enkelt av oss kan kanskje ikkje gjere så mykje, men i sum blir likevel resultatet stort.

Heldigvis ser vi også gode utviklingar når det gjeld dette. I 2009 innførte EU eit gradvis forbod mot den tradisjonelle lyspæra, og frå 2012 eit totalt forbod mot alle typar glødelampar. Dei brukar for mykje straum, og rein energi er ein knapp ressurs. No har dei starta med å fase ut halogenpærene. LED-pærene, som er laga ved å sette saman mange små lysdiodar, har teke over marknaden.

Den første lysdioden kom på 1960-talet, og utfordringa har vore å få eit lys som liknar på det frå glødelampen. I starten kosta pærene mange hundre kroner, men i dag får du ei for nokre tikroningar. Dersom vi som forbrukarar skal ta i bruk miljøvenlege produkt, krev det som oftast anten eit forbod, eller at det miljøvenlege produktet er billegare enn det tradisjonelle.

Joar Sande frå Høgskulen på Vestlandet

Joar Sande frå Høgskulen på Vestlandet Foto:

Tenkjer dei som kjøper seg ein Tesla på miljøet og levetida til bilen, eller er det pengane spart på bompengar og andre avgifter som tel? Her mistenker eg i mange tilfelle det siste. Viss målet vårt er berekraft, er det heller ikkje sikkert at flest muleg el-bilar er løysinga. Marknaden for desse bilane er ikkje stor på verdsbasis. Det kan godt tenkast at den mest miljøvenlege og berekraftige løysinga er å køyre dieselbilar på landsbygda, og små elektriske bilar i byane for luftkvaliteten si skuld.

Den norske sokkelen skal elektrifiserast. I dag er det gassturbinar som produserer straumen som trengst. Gassen som vert spard, vil bli seld og brent av andre stader. Dersom ein ser kloden under eitt, blir utsleppa sjølvsagt like store. Denne straumen hadde vore betre brukt som eit middel for å fase ut forureinande kraftverk på kontinentet.

Tilgang på reint vatn er mange stadar i verda ei stor utfordring. I India har det vore konfliktar mellom styresmaktene og Coca-Cola. Det trengst kring to liter vatn for å lage ein liter brus, og brusproduksjonen har ført til at brunnar har gått tomme og at grunnvatnet har blitt forureina. I dag er mange av brusfabrikkane heldigvis stengde - reint vatn er viktigare enn cola og arbeidsplassar.

Ved Bajkalsjøen i Sibir blir det bygd ein fabrikk for å tappe flaskevatn for eksport til Kina. Bajkalsjøen er truga av ei økologisk katastrofe, der forureining har påverka både flora og fauna. Fabrikkane blir bygde i eit myrområde som er viktig for sjeldne fuglar, og har ført til store miljøprotestar i Russland. Hjå oss tappar vi òg vatn for sal på plastflasker. For å lage flaskevatn trengst det for små flasker opp mot 6-7 gonger det vatnet som er i flaska, ifølgje Water Footprint Network. Plastflasker er i tillegg eit stort miljøproblem. Eit anna prosjekt er å eksportere 1000 år gamle isbitar frå isbrear, bitar som ikkje blir billege korkje for dei som skal kjøpe drinkar eller for miljøet.

Når vi handlar klede, tenkjer vi lite på vassforbruket som ligg bak kvar plagg. Det kan gå med rundt 11.000 liter for å lage eit par dongeribukser. 11.000 liter! Dersom bruken av vatn var ein del av produksjonskostnadane, ville kleda blitt betydeleg dyrare. Er vi i så fall viljuge til å betale for det, eller er målet billegast mogeleg bukser? Kva dersom bruken av vatn generelt vart ein del av miljørekneskapen i all produksjon?

I Noreg har vi rikeleg med både reint vatn og rein energi. Vi må likevel stille krav til produksjon som brukar minst mogeleg vatn, og at lyspærene, bilane og andre produkt skal vere energieffektive og ha lang levetid. Dersom vi som forbrukarar krev og kjøper produkt som er laga på ein miljøvenleg og berekraftig måte, vil denne typen produkt bli laga. Men dersom vi berre ser på pris, får vi det vi betalar for.

Teknologien som er nødvendig for å nå berekraftmåla finst, det er forbrukarmakta som avgjer om den vert brukt eller ikkje. Berekraftige løysingar må vere forankra lokalt, ei løysing som passar ein stad passar ikkje nødvendigvis andre stader. Det er det lokale engasjementet som avgjer.

Forskingsdagane

  • Forskingsdagane er eit årleg, nasjonalt arrangement med mål om å bringe forsking ut til folket
  • I år er tema for Forskingsdagane «Miljøklemma»
  • I samband med dette har fagfolk ved Høgskulen på Vestlandet skrive kronikkar med miljø som tema
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags