Skal vi berge jorda må folketalet reduserast

MATPRODUKSJON: Har vi nok areal til matproduksjon? Ny utbygging av infrastruktur vert gjerne lagt til jordbruksareal nær tidlegare utbygde område ved byar og bygdesentra. Tapet av jordbruksareal til industri, samferdsel, bygningsmasse, fritidsaktivitetar m.m. vil gå ut over matproduksjonen, skriv artikkelforfattaren..

MATPRODUKSJON: Har vi nok areal til matproduksjon? Ny utbygging av infrastruktur vert gjerne lagt til jordbruksareal nær tidlegare utbygde område ved byar og bygdesentra. Tapet av jordbruksareal til industri, samferdsel, bygningsmasse, fritidsaktivitetar m.m. vil gå ut over matproduksjonen, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSkal vi berge jorda, må vi redusere folketalet drastisk. Vi er for mange på denne jorda, og vi brukar den opp i eit skremmande tempo.

Det som er den verste faktoren, er at det i store område på jorda er for lite ferskvatn. Det minkar fort på fosfor til bruk i matproduksjonen.
Ein stor og enorm produksjon av plast er i gang, og kjem til å halde fram. Dette gir store mengder avfall på land og til havs.

Denne plastproduksjonen svarar til vekta av alle menneske på jorda, altså per år vekta av 7,5 milliard menneske. Det vert sjølvsagt uråd å samle inn alt avfallet etter denne produksjonen. Å redusere bruken av plastposar hjelper ikkje mykje. Produksjonen av ein stor del av desse plastprodukta vil halde fram, og då blir ein avhengig av oljeproduksjon for å skaffe råvarer som skal til. Kan denne råvara hentast opp frå jorda utan å utvikle skadelege gassar?

Har vi nok areal til matproduksjon? Ny utbygging av infrastruktur vert gjerne lagt til jordbruksareal nær tidlegare utbygde område ved byar og bygdesentera. Tapet av jordbruksareal til industri, samferdsel, bygningsmasse, fritidsaktivitetar m.m. vil gå ut over matproduksjonen. Når det kanskje også vert oftare vanskeleg klima med uår ymse stader på jorda, er det ikkje sikkert det blir overskot av mat å hente ein annan stad på kloden.

Overgang frå fossil til rein energi. Er det nok sol/ vind/ vassenergi til drift av båtar, bilar, tog og fly med hydrogen og elektrisitet? Det skal svært mykje elektrisitet til for å lade så mykje batteri og til å produsere hydrogen i store mengder. Det må nok også satsast på kolkraftverk med avgassreinsing. Store anlegg må til for at avgassreinsing med deponering skal løne seg.

Kva med dei enorme mengdene materialar som skal til for å produsere nok batteri dersom ein skal gå bort frå bruk av olje, kol og gass? Er det uavgrensa tilgang av dei stoff som skal til? Og kan avfallet reproduserast? Asfalt til overflata på alle vegane til dei elektriske bilane må hentast frå oljefelt slik som før.

Det er rekna på at det ein kan ta ut netto av energi til elektrifisering av samferdsle og anna bruk, er mindre enn 20 % av den energien vi brukar i dag. Energi frå vasskraft, havbølger, vindkraft på land og hav, skog, solceller og jordvarme er mindre enn 20 % av det 7,5 milliard menneske brukar i dag.

Kva er alternativet? Matproduksjonen må aukast, i ale fall for den milliarden som svelt, og for den auken i folketal som føregår heile tida. Er her nok dyrkingsareal det neste hundreåret sjølv om ein går over til å ete mykje grøntfor? Det skal ikkje dyrkast på myr. Det må gjelde heile kloden, elles blir det ikkje så stor nytte av det forbodet. Korleis vert det med vatn som det i store område er vanskar med i dag? Skal vi hente is frå Antarktis?

Det går nok ikkje å berge homo sapiens berre med å redusere forureininga. Med det som her er nemnt og skrive om, kan vi trygt seie at det einaste som nyttar er å få redusert folketalet på jorda så fort som råd er. Den mest humane måten er å redusere fødselstala, for eksempel ved å gå ned til eitt barn per produktiv kvinne over heile kloden, og halde dette fødselstalet til folketalet har kome ned mot 2–3 milliardar.

Så kan ein auke opp til ein fødselsrate på to når ein ser at jorda er komen i berekraftig balanse. Å redusere folkemengda er ein relativt enkel prosess, om det er vilje til å gjennomføre den. Med dei prevensjonsmetodar og det opplysningsnettverk som finst i skuleverket og internett over heile verda, let dette seg gjennomføre.

Globalt samarbeid er nødvendig, kanskje gjennom FN og eit effektivt kvinnenettverk med vilje og kompetanse spreidd over alle kontinent. Vi må berre innsjå at utan ei sterk og dramatisk satsing på miljø og enno sterkare på fødselsreduksjon, så vil vi etter kvart ende i den gamalnorske «Helheimen».

Dette at ungdom no ser at noko må gjerast, er eit godt teikn. Dei ser kanskje at ein både må gå over til det «grøne skiftet» og redusere folketalet på jorda drastisk for at vi skal kome i berekraftig balanse. Og tenk om dei er villige til å starte prosessen med berre eitt barn for kvar produktiv kvinne! Det er ikkje anna berekraftig alternativ. Set i gang og bygg opp kvinnedominerte organisasjonar med kompetanse og gjennomføringskraft på alle kontinent til å utføre eit slikt prosjektarbeid.

Den siste åtvaringa som er komen frå det internasjonale «Naturpanelet», gjer det enno meir turvande å kome i gang: 1 million artar kan vere utryddingstrua.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags