Klimaet kan ikkje vente

AKSJON: Skuleelevar demonstrerte under klimastreiken i Førde 22. Mars

AKSJON: Skuleelevar demonstrerte under klimastreiken i Førde 22. Mars Foto:

Av
DEL

LesarbrevVi har ikkje tid til å vente på at Arbeidarpartiet blir eit klimaparti.

No er det endeleg fleirtal på Stortinget for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. AUF, Natur og Ungdom og resten av miljøbevegelsen skal ha ros for ein iherdig og årelang innsats for å snu Arbeidarpartiet i dette spørsmålet. Samtidig illustrerer LoVeSe-saka noko viktig: Ting tar for lang tid i Arbeidarpartiet.

I 20 år har miljøbevegelsen jobba for å halde oljeindustrien borte frå Lofoten, Vesterålen og Senja. Like lang tid har det tatt å få Arbeidarpartiet til å snu. Den neste store miljøkampen er å avslutte oljealderen. Denne gangen har vi skikkeleg dårleg tid.

Sigrid Moltumyr

Sigrid Moltumyr Foto:

Vi har 11 år på å halvere verdas klimagassutslepp. Skal vi lykkas i å avgrense klimaendringane, er vi avhengig av at land som Norge klarar å la olja ligge. Vi har funne meir olje og gass enn vi nokosinne kan vinne ut. Likevel vil Arbeidarpartiet leite etter meir. «Oljeindustrien skal utviklast, ikkje avviklast,» forsikrar Jonas Gahr Støre.

Oljefritt Lofoten til trass – Arbeidarpartiet er framleis ein sinke i klimapolitikken. Ein stemme på Arbeidarpartiet er ein stemme på framleis oljeverksemd i Norge. Ein dag kjem Arbeidarpartiet til å snu, men dei kjem ikkje til å gjere det i tide. Når dei store partia sviktar i klimasaka, er det på tide å bytte dei ut.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags