– Dersom vi fortset å redusere artsmangfaldet, risikerer vi ei jord der menneske får det verre

KULTURLANDSKAP: Nedbygging av matjord og kulturlandskap, samt utviding av bustad- og næringsområde, fjernar insekta sine leveområde. Dette fører til at andre skapningar i økosystemet lir, skriv artikkelforfattaren.

KULTURLANDSKAP: Nedbygging av matjord og kulturlandskap, samt utviding av bustad- og næringsområde, fjernar insekta sine leveområde. Dette fører til at andre skapningar i økosystemet lir, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

DebattVi må snu før det er for seint! No kjem nok ein rapport som viser at vi er på veg mot å utrydde artsmangfaldet som er avgjerande for framtida vår. På måndag 6. mai vert ein ny omfattande rapport frå FN sin naturpanel offentleggjort. Ein av konklusjonane, ifølge nyheitsbyrået AFP, skal vere at opp til éin million artar i verda kan bli trua av utrydding. Tap av artar er ein like stor trussel som den globale oppvarminga.

I starten av februar høyrde vi at ein tredjedel av alle insektartar er trua. Her til lands gjeld det 1163 insektartar. 92 av dei kritisk.

Ei masseutrydding av insekt, fuglar, dyr og planter er ein direkte trussel mot alle som lever på jorda. Også vi som bur i Fjaler og i heile Vestland fylke. Det hastar å handle.

Mark Taylor

Mark Taylor

Nedbygging av matjord og kulturlandskap, samt utviding av bustad- og næringsområde, fjernar insekta sine leveområde. Dette fører til at andre skapningar i økosystemet lir.

Ein av dei er den nær trua raudlista fuglearten stæren. Arten er knytt til opne jordbruksområde med kortvaksen vegetasjon kvar den finn mat på bakken, hovudsakleg insekt, meitemarkar og smådyr i hekketida. Den norske stærbestanden har hatt ein nedgang på 17 prosent på ti år, og den er difor vurdert å ha ein risiko for å døy ut frå Noreg.

Trass registrering av stær i Artsdatabanken i ein naboeigedom, vedtok Fjaler kommunestyre den 29. april ein reguleringsplan for ein ny bustadfelt på fulldyrka jord på Steia i Dale, ein plan som ikkje hadde nemnd denne raudlista arten eller vurdert verknaden av utbygginga for naturverdien, biologisk mangfald og økologiske funksjonar.

Miljøpartiet Dei Grøne føreslo sjølvsagt at konsekvensane for stæren med eventuelle avbøtande tiltak skulle utgreiast, men framlegget falt mot ni stemmer.

Fleirtalet i kommunestyret mangla vilje til å prioritere menneske og miljø framfor utbyggjaren sine interesser denne gongen, men Dei Grøne fortset med kampen mot utrydding av artar. Vi må gje insekta meir plass slik at fuglane og menneske vil framleis ha tilgang til mat. Vi må vektlegge miljøomsyn sterkare opp mot utbyggingsinteresser, frigjere midlar til ein klima- og miljørådgjevar i kommunen i minst 50 % stilling, auke miljøkompetansen hos politikarane, intensivere kartlegging av sjeldne artar og ta vare på areal som vegkantar, ved å plante stadeiga frø og blomarenger i staden for grasplen.

Dette er eit tryggleiksspørsmål for matsikkerheit og naturmangfald. Viss nokon framleis tviler, så er dette eit godt døme på at når vi øydelegg miljøet, så øydelegg vi også for oss sjølv. Rapportar som den frå FN sitt miljøpanel gir oss eit betre grunnlag til å ta avgjerder. Også lokalt her i Fjaler og i heile fylket.

Vår stadige vekst i areal- og ressursbruk gjer at bestandar er redusert, artar forsvinn og økosystem på kloden er endra. Vi veit ikkje konsekvensane av dette. Vi kjenner ikkje funksjonen til alle artar eller samanhengen mellom dei. Dersom vi fortset å redusere artsmangfaldet, risikerer vi ei jord der menneske får det verre, med større utfordringar knytt til reint vatn, nok mat og god helse til alle.

Vi må omstille til eit økonomisk og politisk system som ikkje er styrt av evig vekst fordi vi ikkje har ein uendeleg mengde ressursar. Vi har berre éin klode. Vi må ta vare på den, til beste for deg og dine, og for dei som kjem etter oss.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags