«Vi tenkte at vi kunne rydde litt i naturen»

Av
DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

MeiningarVi er 11 elevar i 1–3. klasse ved Holmedal montessoriskule som er opptatt av at naturområdet skal vere rent. Vi har brukt 2 timar på å samle boss. Og vi fann utruleg mykje. Blant anna fann vi ein propell, eit dekk, ein cola flaske med cola i, 4 øl flasker: to av dei var det øl i og dei 2 andre var tomme, to tau biter, tre døde fuglar med plast i, masse snus og røyk og gamle, øydelagde leiker, ein lærar fann åtte kroner og sminkeutstyr.

Vi tenkte at vi kunne rydde litt i naturen slik at ikkje kjempemange dyr ville døydd. For vi liker ikkje at det er så mykje boss ute. Så vi vil at andre vaksne vil vite at det er viktig med miljø.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags