Meir nynorsk til heile Noreg

Det nynorske nettleksikonet Allkunne blir integrert i Store norske leksikon (henta frå allkunne.no)

Det nynorske nettleksikonet Allkunne blir integrert i Store norske leksikon (henta frå allkunne.no) Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det nynorske nettleksikonet Allkunne blir teke over av Store norske leksikon. Det er godt nytt for alle som er opptatt av framtida for nynorskbrukarane og norsk fagspråk.

Språk vert berre sterkare gjennom bruk. Nynorsk og bokmål er blant dei skriftspråka i verda som står sterkast. Det gjer dei fordi dei er i bruk kvar dag og på mange ulike område. Dei er i bruk i skulen, høgare utdanning og forsking, rettsvesen, offentleg forvaltning, offentlege tenester, næringslivet, arbeidslivet, media, kulturlivet og heime. Men dette kjem ikkje av seg sjølv.

Det trengst modige fagfolk og dyktige redaktørar for å gjere vitskap til kvardagsspråk. Det norske språket kan berre stå sterkt på alle samfunnsområde om vi kan skrive og snakke om alt på norsk. Derfor kom Aschehoug, Gyldendal og Fonna forlag med sine første band av leksikon på bokmål eller nynorsk i 1907, 1960 og 1948. Derfor lanserte Nynorsk kultursentrum nettleksikonet Allkunne i 2009, og Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DNB tok over Store norske leksikon på nett i 2010.

Begge dei to oppslagsverka var nybrotsarbeid på nett. Redigert og oppdatert kunnskapsinnhald på norsk i allmenne oppslagsverk var mangelvare. Begge organisasjonane bygde opp to store basar. Den eine mest med å gjere om papirleksikoninnhald til nettinnhald, og den andre gjennom å kombinere nyskriving, omsetjing og samling av eksisterande innhald.

Internett er endra sidan dei to digitale oppslagsverka vart lanserte slik dei er i dag. Dei siste åra har måten vi leitar og finn informasjon på internett endra seg dramatisk. Ein skuleelev som treng informasjon om planeten Jupiter, eller ein turist på Noregsferie som vil lese seg opp på Urnes stavkyrkje, går ikkje først til ei bestemt kjelde på internett før ho tastar inn søkeordet. Ho skriv det rett inn i nettlesaren og ber Google gjere resten av jobben.

Den største søkjemotoren i verda prioriterer nettstader med mykje innhald og mykje trafikk. Dermed forsvinn mykje innhald frå mindre nettstader i den store mengda. Mange som hadde hatt ønske om og behov for innhald på nynorsk har ikkje funne det. Allkunne har drukna i informasjonskaoset på nett. Store norske leksikon er ein av dei største nettstadene i Noreg. Gjennom å gjere mykje av innhaldet frå Allkunne tilgjengeleg der, sikrar vi både at innhaldet vert teke vare på, oppdatert og ikkje minst lese. Kunnskapen må nå ut til folk for å få verknad.

I 2020 vil dei 180 000 artiklane i SNL bli lese meir enn 100 millionar gonger, og 900 ekspertar landet rundt arbeider med å oppdatere artiklane i Store norske leksikon. Ein stadig større del av dette vil verte på nynorsk. Dette er grunnen til at styra i både Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon samrøystes ønskjer å slå saman dei to oppslagsverka: Vi vil ha meir nynorsk til heile Noreg.

Dette grepet gjer også at Nynorsk kultursentrum styrkjer formidlinga av nynorsk kulturhistorie på nynorsk.no, samstundes som artiklane frå nynorsk kulturhistorie som vert publisert på SNL.no vert meir relevante for fleire.

Kjennskapen til Store norske leksikon er stor, og ei undersøking viser at blant elevar i vidaregåande skule kjenner fleire til SNL.no enn til NRK.no. Tilliten til at det som står i Store norske leksikon er rett, er stor i heile befolkninga.

Denne utviklinga har gjort det klart for oss kva som er det beste neste steget i målet om å spreie mest mogleg kunnskap på nynorsk til flest mogleg. På den måten samlar vi innsatsen og tek vare på både bokmål og nynorsk som fagspråk, og dermed kvardagsspråk.

I vår presenterte regjeringa framlegg til ny språklov og språkpolitikk. Eitt av hovudmåla er å sikre både bokmål og nynorsk som samfunnsberande språk i Noreg. Fire politiske område er særleg peika på: skule, forsking og høgare utdanning, kultur og teknologi. Det er dei same fire områda vi ønskjer å styrkje.

  1. Dei om lag 7 500 nynorskelevane i kvart kull får høve til å sjå artiklar om viktige emne i undervisinga på sitt eige språk, og alle elevar får lese og bli vante med nynorsk som ein del av skulekvardagen, og i tråd med norske læreplanar.
  2. Forskarar og andre fagfolk får publisere og oppdatere artiklar på bokmål og nynorsk om alle moglege emne, som vert lesne og brukte i undervising, media og kvardagslivet.
  3. Viktige emne for nynorsk kulturhistorie vert tilgjengeleg for fleire, ved at artiklane vert publiserte i Store norske leksikon, og ein del av det største allmenne oppslagsverket i Noreg.
  4. Samarbeidet inneber at grunnlaget ved omsetjing og nyskriving av tekstar kan bli brukt til å styrkje norsk språkteknologi.

Tida er inne for å samarbeide om norsk fagspråk, og det må særleg innebere å styrkje det minst brukte skriftspråket, nynorsk. Derfor samarbeider vi om å gjere språk og kunnskap tilgjengeleg for alle.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags