Bruk av sosiale mediar – konsekvensar?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevFredag 1. desember tok NRK i Sogn og Fjordane opp temaet rundt bruk av sosiale mediar i Fredagspanelet, og fleire problemstillingar vart teke opp.

Vi lever i ei tid der alle kan vere sin eigen» redaktør» i sosiale mediar. Her er det ingen andre enn deg sjølv som redigerer innhaldet. I ei avis har vi ein redaksjon som tek dette ansvaret. Ikkje alle tenkjer over kva konsekvensar dette kan få både for den som legg det ut på nettet, for den som vert råka og kva det har å seie for samfunnet vi er ein del av.

Både i aviser og i NRK høyrer vi om tilfelle der einskildpersonar eller grupper vert hengde ut i det offentlege rom. Dette har vorte den «moderne» gapestokken. Ja, denne gapestokken er kanskje verre enn den som våre forfedrar nytta seg av på kyrkjebakken. Via sosiale mediar spreier «ondskapen» seg som eld i tørt gras. I løpet av nokre minutt kan ei nå tusenvis av personar både i inn- og utland.

Via lokale media har vi vorte kjent med at lukka grupper kan verte nytta til uheldige føremål. Her kan det sirkulere onskapsfull omtale av einskildpersonar og grupper i samfunnet utan at motparten eller andre kan ta til motmæle.

Kva har dette å seie for miljøet? Øydelegg det samhaldet, samarbeidet og omdømmebygginga? Kva har det å seie for den einskilde som vert utsett for slike handlingar?

Men det som er mest skremmande er konsekvensane dette kan ha for born og ungdom. Foreldre og nære kjente er føredøme, og er med å forme bornas haldningar og moral. Når dei vaksne driv «mobbing», kan vi ikkje venta anna enn at borna gjer det same. Dersom dette vert praktisert i eit større miljø som i ei grend t.d., vil det kunne leve vidare i generasjonar og ha ukjente konsekvensar.

Politiske parti bør òg ha strenge etiske reglar for korleis ein snakkar om sine politiske kollegaer, motstandarar og tilsette i kommunen. Ingen skal la seg «kue» av sterke leiarar, men heller ta til motmæle. Det vil sikre eit godt og velfungerande folkestyre som er til beste for oss alle.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags