Takk til Johs B.Thue

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevHan set ord på frustrasjonane våre omkring fylkesreforma. Vi er mange som vel eigentleg har håpa vi skulle vakne ein vakker dag og høyre nokon seie: Beklager, vi let oss rive med av det politiske spelet, men sorry, vi gløymde det viktigaste: å spørje sogn-og-fjordingane kva dei vil.

Sympatien vår med Gulen som i eit Vestland vil få betre praktisk samarbeid med Nordhordland, kan ikkje trumfe oss alle tilbake til samlivet i Bergenhus. Hordalendingar er ålreite folk, men at alle avgjerder som gjeld oss, skal takast i eit forum med Bergen-dominans? Ein lite lysteleg tanke. Politisk ordmagi som «nærpolitireform» og «større=robust=betre tenester for alle» er tilsynelatande framleis gangbare måtar å nedvurdere oss på, og vi likar det ikkje. Nei, kan nokon vere snill å organisere ein protestmarsj? Eg er likevel usikker på kor den bør gå, til Leikanger eller Oslo?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags