NRK og ekstra nyheitssending

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevNRK si ekstra nyheitssending søndag kveld kl 20.55 den 07.01.2018. Skvatt i stolen ... ekstra nyheitssending no. Fjellet Mannen har rasa? Kongen er død? Trump'n går av? I slike saker kan ein forsvare ei ekstra nyheitssending på ein søndagskveld, ja. Men kva får ein høyre? Giske går av som nestleiar i Ap, einaste saka, du verda kor interessant!

Det viste jo alle som har følgt med at berre var snakk om eit tidsspørsmål, ja om kort tid vil det skje, etter all viraken i rundt jul og nyttår. Ekstra nyheitssending i tillegg. Kunne vi ikkje fått denne altoppslukande nyheita kl. 23 i Kveldsnytt? Nei, denne saka her er visst av «nasjonal» interesse og må formidlast. Kven bryr seg andre enn dei høgt opp og langt inne i Ap-politikken? 

Eg finn det heilt utruleg og totalt usmakeleg at slikt kan forsvarast å bruke lisenspengar på. Skal ikkje seie noko om bakgrunnen for heile Giske-saka, berre at NRK her viser total mangel på objektivitet, igjen. Må nok sende krav om redusert lisens til NRK-sjefen om han no let vere å sende ekstra nyheitssending søndagskveldane og elles i veka, når eventuelt nestleiaren i Høgre, Senterpartiet, Venstre, KrF, SV osv., trekker seg, av ulike årsaker, kanskje? Ville det ha skjedd at dei køyrde på med ekstrasendingar? Neppe.

Så her NRK-sjef har du sett standarden å følge opp! Då er det store spørsmålet, litt på sida av «fake news», men i same gata, kven styrer NRK og kven er NRK for? Og kva er politisk sett viktigast for NRK, objektivitet? Neppe. Ville TV2, Nyheitskanalen og dei få andre, avbrote sendingane og formidla denne «store» og «nasjonale katastrofe"-nyheita med ekstrasending? Neppe. Og bra er det! Lykke til med politisk avmakt og ubalanse i formidlinga, NRK (eller var det ARK?)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags